Sammen reddar vi liv: Ny hjartestartar i kaldhallen
Forfatter: Svein Kristiansen
12. januar 2022
Denne veka kom ein ny hjartestartar på plass i nymontert varmeskap i kaldhallen i Idrettsparken, og er tilgjengeleg 24/7.
Hjartestartaren er registrert i hjartestartarregisteret, sjå 113 førstehjelp Der har vi også registrert hjartestartaren som vi har på kjøkenet i garderobebygget.
Som kvalitetsklubb deltar STIL fotball i eit stort NFF-prosjekt som mellom anna har som mål å auke antal og tilgjengelegheit av hjartestartarar.
Vi har i tillegg motteke to stykk opplæringsdukker og to øvingshjartestartarar for å trene på hjarte- og lungeredning. STIL fotball vil i 2022 starte ei dugnadsbasert opplæring av klubbens spelarar, trenarar, tillitsvalde og føresette i hjarte- og lungeredning i så stor grad at 70 prosent av klubbens medlemmar over 12 år kvart år er med på ei slik øving.
Vi har fått Trude Eimhjellen med som ressursperson til opplæringa, men vi treng fleire med kompetanse på hjarte- og lungeredning som kan bidra med opplæring (helst ein-to personar på kvart trinn frå 12 år og oppover). Send ein e-post til [email protected] om du kan bidra med opplæring. Planen er å gi praktisk opplæring i grupper ute på feltet i samband med treninga og supplere med e-læring. Sidan vi nå har fått fibernett til garderobebygget, kan kvart lag gjennomføre e-læringa saman her.
Fotballforbundets prosjekt har fått namnet «Sammen redder vi liv». Ei viktig målsetting er at hjartestartarane ikkje berre skal henge til pynt på anlegga, men at alle som treng det har fått nødvendig opplæring i korleis hjartestartaren skal brukast.
STIL fotball har dei siste åra hatt Trygge rammer som fokusområde. «Sammen reddar vi liv» er eit steg vidare innan samme tema: Det skal vere trygt å drive idretten vår.