Optimisme
Forfatter: Svein Kristiansen
03. desember 2023
1930-åra baud på framgang og første kamp i "flomlys"!
I åra frå 1935 og utover var fotballen i STIL i framgang. Då stilte STIL både med A- og B-lag. Dette er B-laget fotografert i Stardalen i 1938, same året A-laget vart krinsmeister. Bak f.v.: Arve Solheim, Albert Hysing, Richard Klausen, Arne Eikenæs, Klaus Lyslo og Arthur Hansen. Framme f.v.: Håkon Faleide, Paul Fromholtz, Ola Djupegot, Olav Skram, Anders Hansen og Gjert O. Eide.
Tekst: Jan Nik. Hansen
Optimismen som vi omtala i går, synte seg å vere rettkomen. I 1936 var 28 spelarar innom lag A- og B-laget. Men årsmeldingane i 1935 og -36 fortel om vanskelege forhold: Fleire av dei beste spelarane er vekke frå bygda. I 1936 vedtok styret å koste heimreise for fleire av desse for å styrkje laget. Det gav resultat: i 1938 vart Sandane krinsmeister. Det var laget sitt sportslege høgdepunkt til då.
I 1930-åra var kampane mot mannskap på gjestande storbåtar svært populære med 500 tilskodarar til stades. Det vart spelt i alt ni slike kampar på 1930-talet, flest mot mannskapet på turistskipet «Orion». I 1938 vart ein kamp spelt i «flomlys» då det vart montert ni lampar, kvar på 200 watt, rundt bana. Kanskje var dette første norske fotballkamp med kunstig lys. I alle fall det reklamert med at dette var heilt ekstraordinært. Før kampen vart det spelt både «God save the Queen» og «Ja, vi elsker».