Spente før seriestart
Forfatter: Svein Kristiansen
22. april 2022
Mandag kveld startar sesongalvoret for laget som utan tvil har vore Sandane sitt flaggskip dei seinare åra: Damelaget i 3. divisjon. I Sandaneleiren rår det ei viss spenning før seriestart.
Etter ei rekke år med gode resultat melder Sandanetrenar Jan Asle Rustøen om litt større usikkerheit om kvar laget står inn mot årets sesong. Det heilt spesielle har skjedd at laget har fått ei sesongoppkjøring utan treningskampar mot andre damelag. – Vi har fått mange planlagte kampar avlyst fordi motstandarane likevel ikkje kunne stille lag. Det har sjølvsagt vore frykteleg frustrerande at vi dermed har blitt utan viktig kamptrening, og vi må vere ærlege å seie at vi møter dårleg førebudd til årets sesong.
Noko av utfordringane har også vore at mange i spelargruppa på 20 også spelar handball, noko som har ført til at damelaget har hatt opplevd treningar med alt for få frammøtte. -På siste trening var vi 15 stykker, og det vart straks noko anna, seier Sandanetrenar Jan Asle Rustøen. Han innrømmer likevel at oppkjøringa til årets sesong har vist kor sårbar damefotballen på Sandane er. – Til ein viss grad kokar dette også ned til spelarane sine interesser og prioriteringar, og vi må verkeleg sjå nærare på kva vi kan gjere for å betre fotballinteressa blant jenter.
Lyspunktet treningsmessig har vore samlingane med Eid og Stryn, der damelagsspelarar frå dei tre klubbane har møttest til felles treningar tre laurdagar sidan nyttår.
Ser ein på Sandanestallen er det på ingen måte heilsvart. Laget har framleis ein solid stamme av rutinerte spelarar, som vil vere ein stor styrke når seriealvoret tar til. Berit Leirgul, Emma Lothe, Karoline Hjelle, Kristine Rustøen, Sara Rustøen, Martine Kvamme og Malene Utheim har lang erfaring med 3. divisjonsspel og vil bidra til at Sandane ikkje vert noko lett lag å ta poeng ifrå.
Sandane har heller ingen målvakt klar for sesongen. –Vi må sjølvsagt ha nokon i mål, og løysinga blir nok å la oppgåva veksle mellom utespelarane. Vi satsar på å gjere det beste ut av det, seier Rustøen.
Sesongstarten blir heime mot Eid mandag 25. april kl 19.00. Velkomen i Idrettsparken!