Enivest IFO
Operasjon nøkkel er i gang!
Forfatter: Svein Kristiansen
27. mai 2015
Forside
Har du nøkkel til STIL-stova eller Garderobebygget?
STIL-stova og Garderobebygget i Sandane Idrettspark er sjølve hjartet i STIL si mangslungne verksemd, og mange er det som gjer seg nytte av fasilitetane kvar veke året igjennom. Mange av våre tillitskvinner og -menn har nøkkel til bygningane, og no vil vi be alle gjere ein viktig innsats: vi vil gjerne ha eit oversyn over kven som har nøklar. Så oppmodinga er enkel: har du nøkkel, gi beskjed! Framgangsmåten er enkel.
Kontakt vår nøkkelmann i Arbeidsutvalet, Sjur Gimmestad, og meld frå. Du når han lettast på [email protected]