Gratis trening til barn og ungdom
Forfatter: Svein Kristiansen
13. september 2015
Svært mange av lokalpartia støttar tanken om gratis trening for barn og ungdom i alle kommunale anlegg.
Ein god del kommunar i Norge har eit prinsipp om gratis halleige for barn og ungdom i kommunens anlegg. Denne ordninga finn vi blant anna i Bergen, og grunngjevinga er blant anna folkehelse, å få flest mogeleg med og la idrettslaga bruke mindre tid og ressursar på å samle inn pengar, og heller fokusere på å gje gode tilbod til barn og ungdom.
I Gloppen har vi ein spesiell situasjon ved at Trivselshagen er bygt og byr på gode treningstilhøve for alle som vil. Drifta kostar. Då eigedomsskatten vart innført, vart det nettopp peika på at ein skulle drifte Trivselshagen. Likevel manglar kommunen pengar.
Av dei spurde partia, er det berre Sosialistisk Venstreparti og Samfunnsdemokratane som seier klårt nei til tanken om gratis halleige for barn og ungdom. -Vi ønskjer å vere realistiske, og det er ikkje realistisk at vi kan klare oss utan leigeinntektene i anlegga våre, seier Gunnvor Sunde. Ho får følgje av Hege Lothe i SV: -Kommuneøkonomien tilseier at kommunen må ta seg betalt for utleige av Trivselshallen og dei andre idrettsanlegga. Dette var ein del av reknestykket då kommunestyret valde å investerte i anlegget på Sandane, og dette spleiselaget må nok halde fram ei stund til. Kommunen betalar husleige til IKS-et for den delen av lokala vi brukar, og for å få økonomien til å gå opp i heile budsjettet må kommunen ta leigeinntekter.
Arbeidarpartiet, Venstre, Miljøpartiet dei Grøne, Senterpartiet og Høgre er meir positive til tanken om å lette betalingstrykket for barn og ungdom. Som ein vil sjå av intervjua vi har gjort med ordførarkandidatane, er det imidlertid fleire som nyanserer standpunkta sine. Arnar Kvernevik i Arbeidarpartiet opplyser at Arbeidarpartiet nasjonalt har vedteke at det skal være gratis leige for born og ungdom i kommunale anlegg. Når det gjeld Trivselshagen er det ei problemstilling at det vert drifta av eit IKS som Gloppen kommune ikkje rår over aleine. -Gloppen AP kan i denne omgang garantere at vi vil stemme mot auke i bane og hall-leige for perioden 2015-2019. Eventuelle kutt i dagens leige må balanserast mot andre velferdsoppgåver. Gloppen AP vil generelt arbeide for å auke driftstilskota til lag og organisasjoner i Gloppen, seier Kvernevik.
Også Venstre er positive til tanken om eit gratis tilbod til barn og ungdom, men ordførarkandidat Ragnar Eimhjellen nyanserer: -Det seier seg sjølv at det kostar mykje å drifte eit slikt anlegg, og det må nødvendigvis gje seg utslag i auka leigesatsar. Einaste måten vi kan få ned idrettslaga sine utgifter til hall-leige er auka leigeinntekter frå andre og større arrangement! Her ha vi ei stor utfordring framover. Den kommunale økonomien balanserer på ei “knivsegg”, og eg kan ikkje her og no love at treningsavgiftene for born og unge blir redusert med det første.
Senterpartiet sin ordførarkandidat, Leidulf Gloppestad, signaliserer at det vil vere rettare å ta betaling frå dei som har betalingsevne. Når det gjeld gratistilbod til barn og unge er dette ei sak Senterpartiet må sjå nærare på. -Vi har det ikkje som ei spesiell sak i programmet vårt, men eg vil gjerne signalisere at Senterpartiet vil prioritere tiltak som aukar bruken av anlegga. Vi er positive til alt som aukar eigenaktivitetane til barn og unge. Dette gjeld også bruken av skuleanlegga, seier Gloppestad.