STIL jenter 2014 har i dag vunne Vestland fylkeskommune sin trafikktryggingspris
Forfatter: Gro Pleym Iversen
14. desember 2023
Prisen for 2023 er på kr. 50 000,-
Vi gratulerer og er svært stolte av det førebyggande arbeidet spelarene og lagsapparatet gjer for trafikktryggleiken!
STIL J2014 sin leksjon om trafikktryggleik har i dag vunne Vestland fylkeskommune sin trafikktryggingspris på kr. 50 000,-
Laget og deira herlege måte å formidle at dei vil #kome trygt fram" har tidlegare i år også vunne fotballkretsen sin trafikktryggingspris. Bodskapen er formidla både på film og i pdf versjon (vedlegg).
Vi ønskjer også å heidre lagsapparatet kring jentene: May-Britt Sægrov, Anna Elisabet Mardal, Irene Svidal og Janne Akse. Takk!
Prisen vart delt ut i Bergen, og jentene hadde ikkje moglegheit for å vere til stades. Dei samla seg i staden her på Sandane og fekk sjå utdelinga via streaming. I følgje lagsapparatet var det ein svært glad gjeng som fekk prisen. Sjå bilete under.
Vi gratulerer igjen og oppmodar sjølvsagt alle om å følgje råda til J2014!
Om Vestland fylkeskommune sin trafikktryggleikspris
Det er gjort klart for feiring - snart kjem jentene!
Så til festen, med ordførar Kvernevik tilstades !