Takk for fine dagar på TINE Fotballskule
Forfatter: Gro Pleym Iversen
29. juni 2023
Fotballglede, energi og Fair play
I STIL Fotball kjenner vi i dag på ein stoltheit over at Hallvard Bjotveit og Oliver Skinlo Evebø har losa 36 gruppeleiarar og assistentar gjennom fire dagar med TINE Fotballskule. Dokke har vore gode førebilete, hatt fokus på fotballglede og Fair play.
Takk også til dokke som har vore gruppeleiarar/hovudtrenarar og assistentar. Utan dokke kunne vi ikkje ha arrangert TINE Fotballskule. 80 born har delteke på fotballskulen og det har nok vore litt å halde styre på!
Sjølvsagt også takk til Håvard Hetle som har hatt eigen keeperskule nokre av dagane.
Margot Nesgård, vår trenarveiledar for knøttar har sydd saman eit nytt sportsleg opplegg for årets TINE Fotballskule. Takk Margot!
Vi har i dag sendt ut foreldreevaluering, som vi håper alle tek seg tid til å svare på. Neste veke vil vi som har hatt hovedansvaret for fotballskulen ha ei intern evaluering. Det er sikkert noko som kan gjerast bedre til neste år.
Takk for denne gong!