Skavøypoll - Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
23. september 2016
Fredag kveld spelar Sandane bortekamp mot Skavøypoll. Korkje statistikk eller sesongutvikling er fordel STIL, som vil overraske mange om det skulle bli poeng.
Skavøypoll er nr 2 på tabellen og kjempar med Eid om serietittelen. I våroppgjeret spelte eit nederlagsdømt Sandane heilt jamt med Skavøypoll i 90 minutt. På overtid sette Lars Nygård inn kampens einaste mål, fordel Skavøypoll.
Sandane har i alle år strevd med Skavøypolls gode mannskap. Dei to laga har ulik fysikk og ulik spelestil, og lenge var det slik at ingen heilt hugsa om Sandane i det heile hadde vunne ein kamp mot pollarane. Både i 2014 (2-1) og 2015 (3-0) vart det ein snunad på dette. Sandane vann fortent på heimebane, medan det på bortebane har vore liten tvil om kven som var best (sjå nedanfor).
Sandane må unnvere Jonas Denk og Petja Cink (skade) i dette oppgjeret. Her er troppa: Simon Gimmestad, Arne Nybø Gangeskar, Kristian Møll, Anders Silden, Magnus Bolseth, Martin Svarstad, Eirik Rauset, Arne Morten Vilnes Øen, Gudmund Bjotveit, Ingebjørn Mundal, Jon Vegard K. Byrkjedal, Abraham Junior J, Anders Frøyen, William Landøy, Espen Reed Lote og Ruben Nesdal.
Vi ønskjer lukke til!
| 2016 | Sandane - Skavøypoll | 0-1 |
| 2015 | Sandane - Skavøypoll | 3-0 |
| Skavøypoll - Sandane | 3-1 | |
| 2014 | Sandane - Skavøypoll | 2-1 |
| Skavøypoll - Sandane | 1-0 | |
| 2013 | Sandane - Skavøypoll | 0-1 |
| Skavøypoll - Sandane | 2-0 | |
| 2012 | Sandane - Skavøypoll | 1-1 |
| Skavøypoll - Sandane | 5-1 |