Viktig kamp for Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
15. august 2018
Første heimekamp for Sandane etter feriepausen: Tabellnabo og opprykksrival Selje gjestar Idrettsparken fredag kveld.
Marko Tanasic sitt mannskap har hatt ein god sesong. Før fredagens oppgjer har Selje to poeng meir enn STIL på tabellen, men har spela to kampar meir enn STIL. Laget har allereie spela tre kampar etter ferien og har to seirar (Stryn 2 og Bjørn), og eitt tap (3-5 mot Førde 2 i siste serierunde). Vi noterer oss at Selje sine kampar gjerne blir målrike. Med seier vil Sandane sikre seg eit overtak på Selje i kampen om opprykk, og dessutan passere Høyang, som med ein kamp meir spela innehar andreplassen på tabellen.
Det er fire lag som kjempar om dei to opprykksplassane i årets 5. divisjon: Syril, Høyang, Selje og STIL. Det er nesten to veker sidan STILs forrige kamp (4-2 over Førde 2), og Torbjørn Gran fortel om gode økter med fokus på omstilling og endå meir intensitet og tydelegheit i rørslene på bana. -Det mangla mykje på dette i førre kamp.
| Lag | Antall kampar | Mål | Poeng | |
| Syril | 11 | 48-13 | 31 | |
| Høyang | 12 | 37-17 | 27 | |
| Selje | 13 | 40-30 | 27 | |
| Sandane | 11 | 31-19 | 25 | |
| Førde 2 | 12 | 38-32 | 18 |