[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Tilbakeblikk på KM Futsal

Forfatter: Administrasjonen

15. mars 2026

Fotball
News article image

Det er no to veker sidan vi avslutta SSF KM Futsal-sluttspelet for aldersbestemte lag, ei helg fylt med innsats, idrettsglede og mange gode opplevingar på bana. No ønskjer vi å dele ei oppsummering frå fleire av STIL laga som deltok.

Laurdag 14. mars vart det sendt ut ei evaluering til alle frivillige som bidrog under arrangementet. Vi håpar flest mogleg tek seg tid til å svare, slik at vi får nyttige tilbakemeldingar og kan utvikle arrangementet vidare dersom vi får høve til å arrangere KM igjen.

Tusen takk til alle spelarar, trenarar, dommarar og frivillige som var med og gjorde dette til ei flott futsalhelg!

 Dei fleste bileta er teken av haugenfotball.no 

Ei lita oppsummering frå laga:

Gutar 19: Enda på ein flott andre plass i sluttspelet.

Custom image

Jenter 16: Trenaren, Knut Oddvar Sundli, oppsummerer dagen slik:

– Trass i at halvparten av laget består av jenter 15, sikra dei ein velfortent siger mot Tambarskjelvar IL 1 i J16-klassa.

Sjølv om det vart tap i dei andre kampane, viste jentene flott spel, imponerande innsats og sterk lagmoral.

Ein fantastisk gjeng som verkeleg representerer nokre av verdiane våre: Samhald, Tryggleik, Inkludering og Lojalitet

Custom image

Gutar 16: Som i fjor, så hadde vi ambisjon om å kome til finalen i år.

Og sidan dette er siste året der 2010 (G16) spelar ilag, så var vi veldig motivert for å avslutte med STIL

Vi sleit litt med rytmen i gruppespelet og vi fekk ikkje til det spelet vi ville. Men med 3 av 4 sigrar, så enda vi på 2.plass i pulja og møtte Førde i semifinalen. Fortsatt så lugga det litt for oss i spelet og vi tapte 2-0. Så då blei det bronsefinale(i år og..) mot Jølster. Denne var vi veldig motiverte for å sikre. Men igjen så fekk vi ikkje det til. Og tapte 2-0. Gutane var skuffa av eigen prestasjon i dag, sidan dei veit at laget er gode nok på papiret. Men denne dagen var vi rett og slett ikkje gode nok, så då er det eigentleg greit. Vi har trena godt mot futsal og vi gleder oss masse til sluttspel på heimebane kvart år. Det er ekstra kjekt å spele i ein fullsatt fotballhall med gode motstandarar. Og så er vi stolte av å spele med dei blå draktene, når vi veit at klubben vår arrangerer den beste innandørs turneringa år etter år

Custom image

. No gledar vi oss til å sjå masse kampar av dei andre STIL-laga!

Helsing Per Erik Eimhjellen STIL G16

Gutar 15: KM futsal – puls, nerve og fotballglede!

Ei fantastisk helg med KM futsal på Sandane er over! Det er som alltid stor stas å få spele sluttspel på heimebane i dei flotte fasilitetane vi har i Trivselshagen og med super stemning på tribuna!

Det er også alltid litt ekstra spenning knytt til denne helga, så ei blanding av spenning og glede pregar dei fleste lag 😊 STIL G15 gjekk inn i helga med offensiv innstilling og med mål om avansement frå gruppespelet, og vidare nå så langt som råd i cup spelet der alt kan skje!

Gutane møtte Bjørn, Førde og Eid i gruppespelet, og etter ein litt rufsete start på første kampen mot Bjørn, vakna dei verkeleg til og spelte mykje fin fotball. Første kamp enda med ein komfortabel 4-0 siger til Sandane. Neste kamp mot Førde gjekk også fint og enda med nok ein fortent siger, denne gong 2-0. Før siste kamp mot Eid var vi allereie klare for kvartfinale, men utfallet av denne kampen ville avgjere motstandar vidare. Gutane gjekk difor inn i nabooppgjeret mot eidarane som alltid med mål om seier, og vidare sikre 1. plassen i gruppa. Dette vart dessverre ein skikkeleg slitekamp med mykje duellar der vi ikkje fekk like god flyt i spelet. Innsatsen er som alltid 100 %, men ein jamnnspelt kamp enda med eit surt 1-0 tap. Skuffelsen var stor og denne kampen kosta mykje for gutane utan at vi fekk betalt for jobben.

Det er kort tid mellom kampane, så gutane måtte nullstille og var raskt klare for kvartfinale. Nytt nabooppgjer venta, denne gongen mot Stryn som på førehand var dei store favorittane til KM tittelen. Gutane mobiliserte og leverte vår desidert beste kamp for dagen når det gjaldt som mest. Vi gjekk ut i 100 frå start og med marginane med oss kunne vi fort tatt ledelsen tidleg i kampen, men gutane fekk ikkje uttelling på sjansane. Kvartfinalen blei som venta tøff og det var ein god og jamnspelt kamp med sjansar begge vegar. Mot slutten av kampen fekk vi merke det tøffe presset frå start, og når Stryn fekk ei litt heldig scoring klarte vi ikkje å svare på det. Det blei difor snipp, snapp, snute i kvartfinalen mot laget som seinare gjekk heile vegen og vann KM. Futsal er marginar, på godt og vondt, og det er det som gjer det så facinerande og spennande 😊 Gutane var skuffa og sletne etter kampen, men beit verkeleg frå seg og leverte ei flott turnering frå start til slutt med fantastisk innsats som kjenneteiknar heile laget!

Tusen takk til STIL og alle frivillige som stiller opp slik at vi som lag får mulighet til å spele KM på Sandane! Det set vi svært stor pris på og vi ser allereie fram til neste år... 😊

Helsing

STIL G15 v/ Ole Dan Fuglestrand og Roger Aa Djupvik

Custom image
Custom image

Gutar 14: Sandane G14 1 og 2 møtte tøff motstand i si gruppe.

Her vart det stang ut og to innleiiande 1-målstap som gjorde til at laget ikkje gjekk vidare til kvartfinale. Skuffa gutar, men likevel masse god læring til neste gong.

Sandane G14 2 kvalifiserte seg som 3'ar frå kvalik og møtte enda hardare motstand! Mot all forventing klarte dei ta 4 poeng mot bedre lag og var nær ta poeng mot Stryn som til slutt vann KM for G14. Spesiell takk til to gutar frå Sandane G12 som stilte som reservar og bidrog til laget sine gode prestasjon.

Helsing lagleiarar G14, Ole Marius Gloppestad & Bjarte Valør

 

Custom image

Gutar 13: I dag hadde G13 sin til nå største fotballopplevelse.

Ni spillere la ned en fantastisk innsats, backa og løftet hverandre frem gjennom seks kamper og ble til slutt kretsmestere, for en gjeng. Å få vinne KM på heimebane, etter to i overkant spennende straffekonkurranser der publikum til tider løftet taket på Trivselshagen, skal vi leve lenge på, for en fantastisk stemning det var. Takk til alle i publikum som har heia og løfta laget frem, takk til alle foreldre og spillere i STIL som gjør at vi kan få oppleve det her på heimebane.

Mvh Kristian Kleppe, trenar G13

Custom image
Custom image
Custom image