Årets fair play-lag i STIL FOTBALL?
Forfatter: Gro Pleym Iversen
04. oktober 2023
No har du høve til å løfte fram det gode arbeidet som vert utført i ditt lag
Vi oppmodar alle om å nominere laget du meiner fortener årets Fair Play-pris i STIL-fotballen. Frist for å melde inn din kandidat er onsdag 12. oktober (Epost til [email protected]). Trenarar, lagleiarar og foreldre kan melde inn!
Årets Fair Play-lag har trenarar, lagleiarar, foreldre og spelarar som saman og kvar for seg har bidratt til
- Å skape tryggleik for alle som spelar på laget
- Å skape rom for spelarar med ulike føresetnader og ulikt ferdigheitsnivå
- Å skape kampar som har ei god og trygg ramme, der alle tar ansvar for at kampen blir ei god oppleving for alle involverte. Ein har gjensidig respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar, trenarar, foreldre og publikum.
- Å løyse utfordringar som har oppstått på trening eller i kamp
Premien er ein pizza kveld for laget, og premien blir delt ut i pausen på A-lagskampen mellom Sandane og Bremanger laurdag 14.oktober 2023 (ca. kl 14.45)
Det er ikkje eit krav at alle ovannemnde moment skal vere oppfylt! Nytt høvet til å løfte fram det gode arbeidet som vert gjort i ditt lag!