[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STILs trufaste tenar

Forfatter: Svein Kristiansen

10. desember 2021

Fotball
News article image

Kretsens blå diplom til Jan Kåre Fure.

Jan Kåre Fure kom inn i STIL-fotballen slik mange andre har gjort det: som trenar for eigne barn. -Hvis barna er med i ein aktivitet er det naturleg at ein også tar medansvar og stiller opp, seier Jan Kåre, som i åra etter at barna forlet aldersbestemtfotballen har halde fram dugnadsarbeidet i STIL: som klubbdommar. Jan Kåre fortel at det var litt tilfeldig at han tok fram dommarfløyta. Det var Ingemund Sægrov som meinte det var ein god ide at han skulle begynne å dømme.

Og slik vart det. Jan Kåre har vore klubbdommar samanhengande frå 1996 og fram til i dag! -Etter kvart har eg lært meg litt av triksa, og eg synest det har gått veldig greitt å vere dommar. Eg har sluppe unna sinte trenarar, lagleiarar og foreldre. Det har berre vore kjekt! Det har også vore ei god avveksling frå arbeidet eg hadde som rådmann i kommunen. Når ein dømmer må ein ha full konsentrasjon på det som skjer her og no.

Jan Kåre har alltid vore positiv og stilt opp når han har hatt muligheit til dette. Han er rettferdig, pliktoppfyllande og dedikert. Det er verdifullt for klubben at erfarne vaksne held fram klubbarbeidet også etter at eigne barn flyttar ut heimefrå. Det er veldig betryggende for STIL som klubb ha ein Jan Kåre i sine rekker. Å ha vaksne med som klubbdommar i dei aldersbestemte kampane er viktig både for klubben, spelarar og motstandarlag.

Vi set veldig stor pris på den jobben Jan Kåre gjer for oss! Veldig fortent blått diplom!