[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Trygg på trening: STIL ønsker å vere i forkant

Forfatter: Svein Kristiansen

14. februar 2022

Fotball
News article image

Alle som deltar i STIL fotball sine treningar og aktivitetstilbod skal kjenne seg trygge og ivaretatt. Dette høyrest kanskje sjølvsagt ut, men er det dessverre ikkje. No tilbyr vi eit nytt kveldskurs for trenarar, lagleiarar og foreldre.

Foreldre og barn viser oss stor tillit når dei sender barna på trening hos oss. Gjennom eit kort kveldskurs ønskjer vi å bidra til ei bevisstgjering rundt temaet "Trygg på trening" og kva vi som trenarar og tillitspersonar rundt spelarar og lag skal gjere om vi kjem i situasjonar som gjer oss usikre på korleis eit barn på laget vårt har det.

Kurset vil også presentere ein skal/skal ikkje-norm for trenarar og andre som møter barn og ungdom på trening. Vi garanterer at alle har noko å lære!

Det blir gjennomført kurs i G-bygget, Sandane Idrettspark

mandag 14. mars kl 20.00-21.30

Kurshaldarar: Margot Nesgård og Svein Kristiansen

Påmelding til kurshaldarane direkte eller [email protected].

2 av 10 jenter og 1 av 10 gutar opplever grensekrenkande opplevingar av seksuell karakter før dei fyller 18 år.

- Ikkje på Sandane, vil nok mange av oss både tenke og tru.

-I så fall er det berre eit tidsspørsmål før det ikkje er slik lenger, seier Redd Barna.