Sandane - Tambarskjelvar 6-0
Forfatter: Svein Kristiansen
11. september 2015
Det var einvegskjøring i to omgangar for Sandane.
Sandane vann svært fortent kampen mot Tambarskjelvar. I lengre periodar var Tambarskjelvar ikkje over midstreken og alt spel føregjekk rundt gjestenes 16 meter. To gonger small ballen i tverrliggaren i første omgang, men det vart med Thomas Dyrrdal sitt mål etter vel ein halvtime.
Heimelaget gjorde det lett for Tambarskjelvar utover i første omgang, med lågare tempo og litt for mange ballar inn mot Tambars sterke midtstopparar.
I andre omgang var det berre Sandane. Jonas Løvland ordna 2-0 frå start, og då Andreas Vatne fekk sitt andre gule kort for dagen nokre minutt seinare, var vona ute for gjestene. Martin Svarstad skåra 3-0 på vakkert vis. Sidan kom sjansane jamt og trutt og det kunne fort blitt meir enn dei seks måla STIL fekk til saman.
Kampen vil bli hugsa for det enormt entusiastiske publikummet frå Nordfjord folkehøgskule, som gav lyd med heiarop og songar kampen igjennom. Festleg for spelarane, og alle rundt bana.
Les detaljar frå kampen i vår LIVE-oppdatering frå kampen, (STIL Fotballs førsteside, til høgrepå sida).