Opptur for Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
07. august 2016
STIL viste musklar og påførte TMFK deira første heimetap sidan 2014.
Kampfakta:
TMFK - Sandane 1-2 (0-1)
Måløy stadion
4. divisjon
0-1 (24. min) Arne Morten Vilnes Øen
0-2 (68. min) Anders Frøyen
1-2 (81. min) Henrik Myhre
Dommar: Dan Kåre Esp, Eikefjord
Gule kort: Henrik Myhre, TMFK og Anders Frøyen, STIL.
Sandane: Simon Gimmestad, Anders K. Silden, Martin Svarstad, Espen Fonn Sårheim, Ingmar Sægrov, William Landøy (Eirik Rauset frå 65. min), Arne Morten Vilnes Øen, Jon Vegard Byrkjedal, Petja Cink, Jonas Denk, Anders Frøyen (Kristian Mølll frå 92. min).
Det som først og fremst må dragast fram etter kampen er ein lagmoralen og arbeidsviljen som samtlege spelarar la for dagen. Det var eit robust TMFK-lag som gav og tok mykje juling, og det var 90 minutt med tette og harde duellar. STILs mannskap leverte kvar og ein opp mot sitt beste. Sjølv om ein ikkje lukkast med alt ein prøver på såg vi ein usvikeleg vilje til å by på seg sjølv gjennom heile kampen.
For underteikna var det forbausande at TMFK hadde dei lange ballane i bakrom som sitt viktigaste våpen. Når det er sagt skal det seiast at TMFK var dyktige og svært effektive. Gang på gang kom td Chris Nore fram på kant, utan at den tilstrekkelege sikringa var på plass bak førsteforsvarar. Heimelaget spela seg til ei rekke cornerar, og desse vart ofte glimrande slått.
Spelemessig var det slik at TMFK skapte mest i første omgang, men Sandane var heile tida med i kampen. Då våre menn fekk ballen til å gjere jobben og balltempoet steig, kom også sjansane. Arne Morten Vilnes Øen var på rett plass framfor mål etter ein corner, og STIL var brått i føringa.
STIL hadde fleire sjansar til å auke leiinga, både i første omgang og i andre. TMFK hadde også sine store sjansar, men var ikkje dyktige nok i det avgjerande øyeblikket. Det skal også gjevast ros til STILs forsvarande menn, som var flinke til å kome opp i og forstyrre skyttarane til TMFK. Heimelaget vart nok også noko svekka då Marius Refvik, mannen med dei mest presise langpasningane, måtte kaste inn handkleet tidleg i andre omgang.
Med Anders Frøyen sin flotte prestasjon midtvegs i andre omgang, var STIL oppe i tomålsleiing, og sant å seie verka det som dette var dagen då TMFK ikkje skulle få det til, samtidig som Sandane hadde flyten som eit vinnarlag treng. Det var ein underleg situasjon då reduseringa kom. Myhre vart ståande åleine i feltet der STILs forsvar muligens trudde han var offsideplassert. Ein enkel jobb å sette inn reduseringa, og dei siste 10 minutta av kampen vart ulideleg spennande. Men STILs mannskap kjempa heroisk og skapte også eigne sjansar i sluttfasen av kampen.
Trenar Øyvind Hervik var svært nøgd med kampen. -Dette var ein lagsiger der vi viste ein høg lagmoral. Vi sto godt opp imot TMFK, og det er sjølvsagt ekstremt viktig at vi no klarer å omsette sjansar i mål.
Gratulerer til heile mannskapet! Kan ein slå TMFK på bortebane, kan ein vel klare det meste?