[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Trygg på trening: Meld deg på kurskveld 14. mars!

Forfatter: Svein Kristiansen

28. februar 2022

Fotball
News article image

Som trenar og frivillig i idretten blir du kjent med mange barn, og nokre av desse barna kan kanskje komme til å trenge di hjelp.

Veit du kva du skal gjere dersom du har mistanke om at eit barn kan vere utsatt for vald eller seksuelle overgrep?

Veit du kva du skal gjere dersom eit barn opner seg for deg og søker hjelp?

Kva kan vi som klubb gjere for å sikre at alle barn er trygge på trening? Oppmoding til trenarar, lagleiarar og foreldre:

Meld deg på kurs: Trygg på trening mandag 14. mars kl. 20.00 - 21.30.

Ikkje behov for dette på Sandane, tenker du? -I så fall berre eit tidsspørsmål før det blir det, seier Redd Barna.

Kurshaldarar: Margot Nesgård og Svein Kristiansen. Påmelding til kurshaldarane direkte eller [email protected].