[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

KM Futsal nærmar seg!

Forfatter: Svein Kristiansen

23. februar 2022

Fotball
News article image

KM futsal i aldersbestemte klassar går av stabelen på Sandane og i Stryn laurdag 5. og søndag 6. mars. Over 100 lag skal i aksjon dei to dagane på dei fire banene i Trivselshallen og Firdahallen. Eit stort apparat er i sving for å lage det Sandane har vist seg gode på: knirkefrie, gode arrangement.

Ein stor organisasjonskomite under leiing av Gro Pleym Iversen har gjort førearbeidet. I desse dagar sender dugnadssjef Lars Endre Gimmestad ut sine lister. 70 familier har alt fått sine dugnadslister, medan resten vert sendt ut i morgon. Mange hender må bidra, men heldigvis er det mange som stiller opp: over 160 personar er i aksjon desse to dagane.

Sidan det i år ikkje har late seg gjere å arrangere innleiande kvalifiseringskampar, består sluttspelet av fleire kampar enn vanleg. Nokre lag spelar derfor i Stryn, medan det fantastiske anlegget på Sandane tar i mot 5 av dei aldersbestemte klassane. I alt er det 95 lag som kjem til Sandane denne helga. Det skal i alt avviklast 244 kampar.

Laurdag er det G13, J15 og G15 som skal spele, medan søndagen er sett av til dei store 14-årsklassane, gutar og jenter, samt G16.