Sandane til Førde
Forfatter: Svein Kristiansen
14. august 2015
Sandane sitt 4. divisjonslag ventar til mandag med rundens kamp. Jonas Denk og Ingebjørn Mundal (bildet) er garantert innstilt på eit løft mot laget som ligg som nr 3 på tabellen.
Sandane møtte Førde 2 på Idrettsplassen rett før ferien, og tok ein sterk seier då.
Kampen mot Høyang førre helg var ein gedigen nedtur for alle som følgjer Sandanefotballen, og gjengen som reiser til Førde vil garantert vere motivert for å vise at laget kan betre. Det blir imidlertid inga lett oppgåve å hente poeng i Hafstadparken. Førde 2 har hatt ein jamn og god sesong, og på heimebane står laget utan poengtap og 17-6 i målskilnad. Førre helg vart det nederlag 2-4 på bortebane for Skavøypoll. Førde 2 er eit spelande lag og er eit fint lag å sjå i aksjon.
Sandane kan glede seg over at Jonas Løvland er tilbake etter sommaropphald i Lyngdal, og at Ole Andre Aa er tilbake etter den langvarige skaden han pådrog seg i oppgjeret mot Vik i vår.