[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jonas er ny sportsleg leiar i fotballgruppa

Forfatter: Gro Pleym Iversen

03. desember 2024

Fotball
News article image

Jonas Hjartholm Denk er 27 år og kjem frå Sandane. Han er tilsett i eit engasjement som sportsleg leiar i fotballgruppa frå januar 2025. I tillegg til å vere sportsleg leiar, skal han også jobbe med planlegging av ei framtidig idrettsfritidsordning for STIL.  

-Eg gledar meg veldig til å starte, seier Jonas. Eg ser fram til å bidra til det gode arbeidet i STIL framover.

Jonas er tidlegare elev ved idrettslinja på Firda vgs, og var i juni ferdig utdanna lektor ved Norges Idrettshøgskole, med trenarrolla som retning. Han har også teke grasrottrenarutdanninga, og er allereie godt kjent i fotballgruppa då han spelar for A-lag herrar.

Vi opplever Jonas som kompetent, framoverlent og til å ha dei gode verdiane som STIL ser etter. Jonas blir svært viktig i organisasjonen som vi riggar for framtida – så vi er svært heldige som har fått Jonas med på laget.

I første omgang er Jonas Denk tilsett i eit 40% engasjement fram til sommarferien. Vi håper sjølvsagt at dette berre er byrjinga for Jonas si tid som sportsleg leiar i fotballgruppa.

Velkomen til oss!