[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Petja og Andreas valde ut til nasjonalt utviklingstiltak

Forfatter: Administrasjonen

03. september 2026

Fotball
News article image

Petja Cink og Andreas Skeistrand Bakkelid representerte førre helg STIL Fotball på NORCORE #3-samling i Bergen. Uttaket er ei stor anerkjenning av arbeidet dei har lagt ned som dommarar – og viser at det finst fleire spennande utviklingsvegar i fotballen enn å vere spelar.

Under samlinga møtte dommarar og assistentdommarar frå NFF Sogn og Fjordane, NFF Hordaland og NFF Rogaland kvarandre til kampoppdrag, fagleg oppfølging og evaluering.

Kvar dommartrio fekk ansvar for ein kamp i Norsk Tipping-ligaen. Petja deltok som hovuddommar, medan Andreas var med som assistentdommar. Etter kampane gjekk dommarane og rettleiarane grundig gjennom prestasjonane og sentrale situasjonar frå kampane.

For dei to STIL-dommarane vart det ei både lærerik og positiv helg.

– Kampen vår gjekk veldig bra, så alt i alt er eg godt nøgd med samlinga, seier Petja.

Eit utviklingsprogram for dommartalent

NORCORE – Norway Centre of Refereeing Excellence er NFF sitt utviklingsprogram for dommarar. Programmet vart etablert i 2015, er inspirert av UEFA CORE og består av seks trinn.

Målet er å kartleggje og utvikle lovande hovuddommarar og assistentdommarar gjennom fagleg oppfølging, fysisk og mental trening, testing, kampoppdrag og evaluering.

NORCORE #3 er retta mot dommarar og assistentdommarar i Norsk Tipping-ligaen som kretsane meiner har potensial til å nå eit høgare nivå. Deltakarane må mellom anna bestå fysiske og teoretiske testar, vise god speleforståing og kunne handtere kampavgjerande situasjonar. Det blir også arbeidd med mentalt stress, forventningspress, teamsamarbeid og gode rutinar rundt kampane.

Norges fotballforbund omtalar deltakarane på NORCORE #3 som aktuelle kandidatar til PostNord-ligaen.

Custom image

Dei tre kretsdommarane våre. Frå venstre Victor John Bibby, Petja Cink og Andreas Skeistrand Bakkelid. Foto: haugenfotball.no

Konkurrerer om å få gå vidare

Petja er teken ut av NFF Sogn og Fjordane som ein av kretsen sine kandidatar på hovuddommarsida. Samlinga i Bergen var også ei evaluering opp mot kandidatar frå Hordaland og Rogaland.

På bakgrunn av prestasjonane og rapportane frå samlinga skal NFF vurdere kven som får høve til å gå vidare i utviklingsløpet. Konkurransen er hard, men Petja er nøgd med det han fekk vist i Bergen.

– NORCORE #3 er eit viktig steg på vegen mot å dømme i PostNord-ligaen. Samlinga var ei evaluering av dommarane frå dei tre kretsane, og etterpå blir det sendt rapport til NFF. Dersom eg får gå vidare, ventar ei ny nasjonal vurdering saman med fleire av dei beste kandidatane frå dei andre regionane, fortel han.

Custom image

Petja Cink blei kåra til årets dommar i NFF Sogn og Fjordane i 2025. Foto: NFF Sogn og Fjordane

– Kjekt å bli satsa på

For Andreas betyr uttaket at han blir vurdert som ein assistentdommar kretsen har tru på og ønskjer å utvikle vidare.

– Det er veldig kjekt å bli vald ut til NORCORE. Det viser at kretsen ser på meg som ein assistentdommar dei ønskjer å satse på, seier Andreas.

Han trekkjer særleg fram arbeidet med situasjonar frå kampane som lærerikt.

– Etter kampane gjekk vi gjennom ulike nøkkelsituasjonar. Vi såg både på det vi var godt nøgde med, og situasjonar vi kunne ha løyst betre. Det er veldig nyttig å få slike tilbakemeldingar og lære av det ein har gjort ute på bana.

Custom image

Andreas Skeistrand Bakkelid blei kåra til årets unge dommar tilbake i 2023. Då som 18-åring. Foto: STIL/Gro Pleym Iversen

Ein prestasjon klubben er stolt av

At STIL Fotball har to dommarar med på eit tiltak på dette nivået, er ei stor anerkjenning både for Petja og Andreas og for dommarmiljøet i klubben.

Dommarane er heilt avgjerande for at vi skal kunne gjennomføre fotballaktiviteten vår. Samtidig gir dommarrolla gode moglegheiter til å utvikle seg innan leiarskap, kommunikasjon, samarbeid og raske avgjerder – og for dei mest ambisiøse kan vegen gå heilt til toppfotballen. Vi har nettopp eit slikt eksempel i STIL frå før, han heiter Steinar Holvik.

Vi i STIL Fotball er stolte av innsatsen Petja og Andreas legg ned, og ønskjer dei lukke til vidare i utviklinga!

Har du lyst til å prøve deg som dommar? Ta kontakt med dommaransvarlig Petja Cink – så hjelper vi deg i gang!

Epost: [email protected]

Mobil: 90033993

Custom image

Foto: haugenfotball.no