[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Skarpskodd duo trenar damelaget

Forfatter: Svein Kristiansen

08. februar 2022

Fotball
News article image

Tysdag kveld vart formalitetane ordna: Jan Asle Rustøen og Roger Hjelle skal leie STIL sitt flaggskip i 3. divisjon damer. I STIL gleder vi oss over signaturen til dei to erfarne trenarane.

Damelaget har dei siste åra hatt ei rivande sportsleg utvikling og har dei seinare sesongane kniva heilt i teten i den lokale 3. divisjonen.

-Vi har om lag 20 spelarar i treningsgruppa, og kjem til å mønstre eit sterkt og godt lag i vårsesongen. Til sommaren vil vi truleg ha nokre spelarar i avgang og til haustsesongen vert det nok eit ganske ungt Sandane-lag, fortel Jan Asle. Han meiner eit naturleg fokus for årets sesong vil bli kvar kamp som laget spelar.

Dei to trenarane ønskjer å vedlikehalde den fine flyten og utviklinga som har vore i damefotballen på Sandane. -Det er viktig å halde damelaget i gang slik at dei nye spelarane som etter kvart kjem opp frå aldersbestemt får eit tilbod, seier dei.

Jan Asle Rustøen går no på sin sjette sesong som hovudtrenar for Sandane. Ein kan spørre seg: kva er det som motiverer? -Det har gitt meg mykje å vere trenar, både som handballtrenar tidlegare og no fotballtrenar. Det er ein god måte å følge opp eigne barn og ein unik sjanse til å lære ungdomskulla å kjenne.

Medtrenar Roger Hjelle samstemmer. To av døtrene hans spelar på damelaget, og han har gjennom mange år hatt ulike trenaroppgåver, for sonelag i kretsen, aldersbestemte lag i Breimsbygda, men også for ulike lag i STIL. Han har såleis vore assistenttrenar både under Magne Larsen og Jan Ove Ødven. Forrige sesong var han trenar for 15-17-årslaget jenter, og det vart naturleg nok eit nært samarbeid mellom han og damelagstrenar Jan Asle Rustøen.

Vi ønskjer våre to damelagstrenarar - og damelaget - lukke til med sesongen!