Sandane Fotball inviterer til TINE Fotballskule 24.-26. juni
Forfatter: Maria Karin Dalsbø
26. mai 2025
Sandane Fotball gler seg til å arrangere TINE Fotballskule frå 24. til 26. juni. Dette er eit tilbod for alle born som ønskjer å delta, uansett bakgrunn eller ferdigheitsnivå. Fotballskulen legg vekt på inkludering, samhald og idrettsglede i trygge omgjevnader.
Alle skal få vere med Eit av dei viktigaste fokusområda for årets TINE Fotballskule er at alle born skal få sjansen til å vere med. Fotball er ein idrett for alle, og Sandane Fotball jobbar for å halde kostnadene nede, slik at flest mogleg kan delta. I tillegg til fotballtrening, er dette ein arena for å knyte vennskap, lære samarbeid og respekt, og ikkje minst ha det kjekt.
Berekraftig fellesskap TINE Fotballskule har stort fokus på berekraft, både sosialt og miljømessig. Inkludering, likestilling og Fair Play står sentralt, saman med bruk av miljøvennlege løysingar og gjenbruk av materiell.
Sunt kosthald for aktive born Med mange timar aktivitet kvar dag er det viktig å fylle på med god energi. Deltakarane blir oppmoda til å ete ein næringsrik frukost før dei kjem, og å ta med seg ei sunn matpakke.
Praktisk informasjon
- Dato: 24.06.2025 - 26.06.2025
- Tid: 10:00 - 14:00
- Deltakaravgift: 900 kroner
- Alder: 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år
- Påmeldingsfrist: 14.06.2025
- Ansvarleg: Jonas Denk
Påmelding og meir informasjon her
Kontaktperson:
Jonas Denk