[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Atle Nygård - økonomisjefen gjennom to tiår.

Forfatter: Svein Kristiansen

15. desember 2023

Fotball
News article image

STIL har alltid hatt bruk for gode hjelparar. Anten det no var økonomiarbeid eller trekning av dagens vinnar av ein middag på Sivertsens/Gloppen hotell. Og visste du at det at det i årrekke vart gjeve ut ei eiga fotballavis på Sandane? Atle Nygård var den som heldt i trådane.

I 1980-åra var der stor interesse rundt Sandanefotballen, og fotballgruppa kom årleg ut med si eiga fotballavis.

Mannen bak denne utgjevinga var økonomiansvarleg i fotballgruppa, Atle Nygård. Han hadde fotballbakgrunn frå Hetlevik og seinare Tertnes, og var også med på Sandane sitt lag. I følge Atle sleit han mest benken på A-laget til STIL.

Custom image

Bildet: F.v. Mads Klausen, Atle Nygård og Geir Skaaden.

Men det var desse fotballavisene.

-Når var det desse avisene kom ut, Atle?

-Nei, ja, det var vel.. lurer på om det ikkje var i den tida då Egil (Ødven), Knut (Fjellestad), Ingolf (Aagård) og Steinar (Aagård) var med. Vi ville ha ei avis, markedsføre fotballgruppa. Så fekk vi med oss næringslivet til å annonsere, og slik fekk vi ei fotballavis som vi kunne gi ut gratis. Næringslivet var veldig imøtekomande, slik dei alltid har vore.

-I 3-4 år gav vi også ut ein fotballkalender. Helge Lyslo, Ola Nyhagen og Egil Ødven var gode medhjelparar her. Vi sat på kontoret mitt om kveldane, hugsar eg.

Custom image

Kor lenge var du med i fotballstyret? -Trur eg sat i 20 år. Vi flytte til Sandane i 1977 og eg kom ganske kjapt inn i fotballgruppa. (Og ja, vi har sjekka: i 1999 var Atle framleis med).

-Korleis var det å vere med i dette arbeidet? -Den tida … det var jo ei storheitstid. Det var laurdagskampar, og eg hugsar vi møttest utanfor Rolf (Lothe) sin butikk i sentrum. Der snakkast vi og det vart servert mang ei god historie. 

Trekning i speakerbua

Har du noka historie du kan fortelle frå tida di i STIL?

Det viser seg at Atle har nettopp det:

Eg var speaker under kampane, og møtte tidleg opp på stadion. Det vart å sette på musikk, marsjmusikk. Avisene ringte inn og så kom gjerne Rolf (Lothe) opp og spurde korleis det gjekk. Under kampen annonserte vi dagens kampsponsor. Folk som støtta STIL var med i trekninga om ein middag på hotellet. Det var Rolf som sto for trekninga. Eg heldt fram eit kaffikurs med lappar i og Rolf trekte. Så ser han på namnet: «Nei, han har f***ken ikkje gjort ein drit for STIL». Det vart nye trekningar til Rolf var fornøgd. Så kunne namnet lesast opp, med ei lita tilføying: «Og rett trekning vert vitna av Knut Stavang». Han sat gjerne på stolrekka framfor Turnhallen og var uvitande om det heile.

Custom image