[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

-Den mest fargerike spelaren STIL har hatt

Forfatter: Svein Kristiansen

13. desember 2023

Fotball
News article image

Åge Hansen i raudt, gult og blått.

Bildet: Åge Hansen (t.v.) var ikkje lett å skubbe seg på. Foto: Helge Lyslo

Åge Hansen er truleg ein av dei mest fargerike spelarane STIL nokon gong har fostra. Han er utan tvil også ein av dei som kunne nådd lengst som fotballspelar om han hadde prøvd seg i andre klubbar. Mellom anna vart han plukka ut på årets lag i 3. div avd E i 1980. 

Åge kom med på A-laget som 16-åring (1972) og spelte langt over 300 kampar for STIL, på midtbana og i midtforsvaret. På bana var han kjenneteikna ved kompromisslause taklingar, presise crosspasningar, ein megasterk skotfot og ikkje minst klare signal til medspelarar når han ikkje var nøgd med innsatsen. At han var ein individualist som var vanskeleg å smi inn i ulike system, ville nok nokon også hevde. Hans faste plass vart etter kvart i midtforsvaret, men var samtidig eit farleg angrepssvåpen når han sleppte seg framover på bana.

Utanfor bana er Åge kjent som ein vennleg og omgjengeleg kar, men på bana viste han ei anna side. Han var mottakar av ikkje så reint få gule kort. Og eitt raudt*. -Eg har nok eit litt hissig temperament som eg ikkje alltid kontrollerte like godt på fotballbana. I tillegg har innsatsen min alltid vore bra, uttalte han til Fotballavisa i 1989.

Høgdepunktet i fotballkarriera var nok åra i 3. divisjon på byrjinga av 80-talet. Då laget var på sitt beste vart det spelt for 2.000 tilskodarar på Kråmyra stadion mot ÅFK. «Sandane spelte – ÅFK vann» stod det i avisene etter at Sandane måtte gje frå seg leiinga i siste minutt og tapte 3-2. 

Kjelde: Fotball Extra 1989.

*Artikkelen er endra: Det sto opprinneleg "raude kort" i fleirtal. På Sandanefotballens 100-årsmarkering 15.12.23 gjorde Åge oss merksam på at han sjølv kun kan hugse at han fekk 1 rødt kort gjennom karrieren.

Bildet: Faksimile frå Sunnmørsposten.

Custom image