[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Tap mot Svelgen

Forfatter: Svein Kristiansen

21. juni 2016

Fotball
News article image

STILs andrelag spelte og spelte, men klarte aldri ta igjen Svelgen si leiing.

Sandane 2 - Svelge 1-3

Mål Sandane 2: Egil Brekke

Sandane 2 tapte kampen på ein svak første halvtime. Då sto det 3-0 til Svelgen. Etter dette tok Sandane 2 over spelet og kom til ein del gode muligheter. Etter pause var laget innstilt på å hente inn Svelgens forsprang, og laget hadde fullstendig taket reint spelemessig. Men Svelgen låg balansert og godt og forsvarte leiinga si, og Sandane 2 klarte i liten grad å kome til avslutningar. 

Det vart dermed med Egil Brekkes eine mål for Sandane 2. -Vi hadde spelemessig kontroll i mykje av denne kampen, men når Svelgen kunne legge seg bak og forsvare seg hadde vi ikkje dei nødvendige ferdigheitene til å bryte igjennom, seier Sandane2-trenar Torbjørn Gran i ein kommentar.

STIL 2 ønsker å sleppe dei unge spelarane til. Gutespelarane på laget klarte seg godt.

-Den første halvtimen av kampen var vi på vårt dårlegaste nivå. Vi fekk også mål i mot på situasjonar som vi jobbar med å bli trygg i, td tilbakespel til målvakt. Spelarane har instruks om å gjere dette, og eg gjev pluss til spelarane som følger opp. At Svelgen utnytta eit slikt tilbakespel på sitt eine mål, er ei nødvendig og viktig erfaring dersom vi vil at spelarane våre skal utvikle seg, seier Gran.