Enivest IFO
Klart nederlag for STIL
Forfatter: Svein Kristiansen
21. august 2016
Fotball
STIL måtte reise frå Høyanger utan mål og utan poeng.
Sandane hadde planar om å utfordre Høyang om poenga på eige gras. STIL fekk ein lei start på kampen, med 0-1 imot så og seie før kampen var i gang. Etter ein halvtime sto det 3-0 til heimelaget,. Kampbildet synte at STIL kom til store sjansar, til dels åleine med Høyangs målvakt, men denne kvelden var spelarane i blått vaksinert mot å score.
Etter 3-0 ved pause heldt kampen fram som i første omgang. Sandane klarte ikkje å lage mål. Høyang auka til 4-0 mot slutten av andre omgang.