Enivest IFO
Rekordfotballskulen
Forfatter: Svein Kristiansen
23. juni 2015
Fotball
TINE Fotballskule byr på rekord både når det gjeld talet på deltakarar og instruktørar.
Heile 130 barn og unge er i aksjon med ulike fotballøvingar, og eit stort antall instruktørar tar seg av det heile.
Med så mange deltakarar er det viktig å halde alle trådar stramme, og leiarane for fotballskulen, Håkon Schjølberg og Simon Gimmestad, har nok å halde fingrane i.
Etter ein første dag med stor varme er dag 2 noko mindre væskekrevjande. Det vert meldt om svært god stemning i Idrettsparken, med herlege ungar og mykje god aktivitet og idrettsutfalding.
Sjå flotte bildeglimt frå Tine Fotballskule i Sjurs fotogalleri!