[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Nei til mobbing og rasisme!

Forfatter: Svein Kristiansen

25. mai 2021

Fotball
News article image

-Det skal vere trygt å vere fotballspelar i STIL. Alle skal kjenne seg velkomne og inkluderte. Hvis du som fotballspelar, eller andre i STIL, opplever noko som er utrygt eller ugreitt vil vi at du skal melde frå.

STIL fotball har valt å sette fokus på mobbing og rasisme, fordi det fell saman med våre grunnleggande verdiar: Alle som er med i STIL fotball er like mykje verdt og idrett skal vere moro og til glede for alle involverte. Vi ønsker å vere ein inkluderande klubb der alle opplever det trygt. Vi ønsker å få ein kultur der det er låg terskel for å varsle dersom ein opplever eller er vitne til rasisme og/eller mobbing i samband med fotballaktivitet. Dette vil utfordre alle deler av fotballfamilien.

Dette går fram av handlingsplanen mot mobbing av rasisme, som Torill Fjellestad og Vidar Bjotveit har utarbeidd. I planen peikar dei på kva vi heilt konkret ikkje skal godta, og kva vi skal gjere med det:

Mobbing og rasisme kjem til uttrykk på mange måtar: Fysisk gjennom til dømes å slå, sparke, lugge, spytte, dytte eller ta/øydelegge eigendelar.

● Verbalt gjennom til dømes å baksnakka, spreie usanne rykte, bruke krenkande og grove ord.

● Psykisk gjennom utestenging, kroppsspråk og blikk

● Digital gjennom sårande meldingar, videoar, bilete og kommentarar. Utestenging frå ulike typar grupper på sosiale medium. Deling/spreiing av bilete og videoar.

Kva gjer du om du oppdagar eller har mistanke om at det foregår mobbing eller rasisme:

- Meld frå til trenaren om det er medspelarar eller andre som mobbar.

- Meld frå til lagleiaren om det er trenaren som er problemet.

- Meld frå heime om det er vanskeleg å varsle nokon i klubben.

STIL fotball har også ein Fair Play-ansvarleg, Svein Kristiansen, som har som oppgåve å ta imot denne typen meldingar.

Du kan også bruke Norges Fotballforbund sin varslingsportal ved behov. Den finn du via appen Min Fotball eller via nettsida MittVarsel.

Les Handlingsplanen mot mobbing og rasisme her.