[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane med framoverfotball

Forfatter: Svein Kristiansen

14. januar 2017

Fotball
News article image

STIL dominerte treningskampen mot Jølster i Sognahallen laurdag ettermiddag. Dei blåkledde sto for samtlege mål i kampen. Og det kunne fort blitt ein større seier.

Sandane - Jølster 3-1 (1-0)

Treningskamp

Sognahallen

1-0 Anders Frøyen

2-0 William Landøy

2-1 Sjølvmål

3-1 Arne Morten Vilnes Øen

Sandane var det førande laget i denne kampen, og det hadde ikkje vore noko å seie på om leiinga til pause hadde vore større enn 1-0. I andre omgang gjekk Sandane opp til 2-0 før Jølster reduserte på eit sjølvmål. Eit offensivt STIL heldt fram med å presse og det vart 3-1 ved Arne Morten Vilnes Øen litt etter at andre omgang var halvspela.  

Nyetrenar Gran har terpa offensive formasjonar sidan han overtok laget, og det vert meldt frå Sogn at det var eit Sandanelag med gjenvinningsvilje og fart og trøkk framover ein såg i aksjon. Sigeren kunne fort blitt langt større.

Custom image