STIL-talent markerer seg i andre klubbar
Forfatter: Svein Kristiansen
17. desember 2023
På 1990-talet hadde STIL for det meste herrelaget i 3. divisjon, medan damelaget i 1997 rykte opp til 1. divisjon. Aktivitetsveksten i dei aldersbestemte førte til at klubben hadde ei rekke talentfulle spelarar i sine rekker som også langt inn i det nye tusenåret gjorde det godt i andre klubbar, nokre av dei også på ungdomslandslag. Ein av våre spelarar rakk også spel for A-landslaget!
Bildet: Rune Bolseth spelte 26 ungdomslandskampar og over 430 kampar på dei to øvste nivåa i Norge (privat foto).
Torbjørn Øygard vart i 1993 uttatt som forbundstalent, med spesiell oppfølging. I 1994 vart han invitert til treningsopphald i Werder Bremen. Etter dette fekk han lærlingkontrakt med klubben. Han var i Tyskland eitt år. Øygard debuterte på U 18 -landslaget i 1995 og fekk med seg tre landskampar. Han vart med det første fotballspelar frå STIL på landslaget! Han fekk ein karriere der han i tillegg til STIL også spela for klubbar som Sogndal, Førde og Fana.
Silje Rylandsholm på Vestlandslaget 1993 (småjenter, uoffisielt NM) og på landslaget 1996 (J16).
Rune Bolseth fekk ei lang og god fotballkarriere. Han kom tidleg på landslaget i aldersbestemte klassar og skreiv kontrakt med Sogndal. Han spelte over 430 kampar på dei to øvste nivåa i Norge, nær halvparten av desse i Eliteserien. Han skåra til saman 26 mål i Sogndal- og Hønefossdrakt.
Rune spelte til saman 26 landskampar i aldersbestemte klassar, på G15, G16, G18, G19 og U21.
Sigrid Heien Hansen fekk ein strålande fotballkarriere. Ho spelte med Fortuna Ålesund og seinare tok ho steget vidare opp i klubbane Arna-Bjørnar, Kolbotn og Vålerenga. Ho spelte til saman 81 kampar i Toppserien og til saman 125 kampar på dei to øvste nivåa i norsk kvinnefotball. Ho spelte 11 kampar for det norske J19-landslaget. I 2020 vann ho NM-gull og seriegull med Vålerenga. Dessverre sette skader ein stoppar for hennar karriere som fotballspelar.
Per Bernt Aske gjekk frå Sandane til Hødd i 1998. Han spelte 26 kampar for 1. divisjonslaget i 1998-99. Han kom så tilbake og var klar for Sandanespel. I ein kamp mot Sogndal 2 i Sognahallen var han uheldig og braut begge beina i høgre leggbein.
Mathias Eikenes var eit stort talent som fekk 8 kampar for Sogndal i Eliteserien hausten 2004. Han spelte til saman 40 kampar for Sogndal fram til 2006.
Foto: Firda Tidend
Han fekk 8 landskampar for Norge (G18, G19 og U21). Han skåra to mål med det norske flagget på brystet, og særleg stas var det nok å bli matchvinnar for U21-landslaget i kamp mot Slovenia (1-0-seier til Norge) i 2005.
Mathias har nok primært konsentrert seg om legeutdanninga si, men har aldri lagt fotballen heilt vekk. Han har spela for Stryn, Ranheim, Spjelkavik og Byneset, og seinast i 2023: 5 kampar og 3 mål for STIL! Det fantastiske rykket hans er framleis intakt!
A-landslagsspelaren
Torill Fjellestad vart ein sentral spelar og lagkaptein for Toppserielaget Sandviken. Ho spelte til samen 80 kampar for Sandviken i perioden 2002-07. Ho spelte for J18-landslaget og fekk to kampar for U21-landslaget. I 2007 debuterte ho for A-landslaget, og er dermed den einaste med Sandane-fortid som har representert Norge på A-landslagsnivå.
Dessverre påverka skader hennar karriere, og etter eit kort comeback i 2009 var det slutt med spel på toppnivå.
STIL si heimeside var som alltid nesten oppdatert og kunne i 2007 melde:
Torill Fjellestad (tidlegare Sandane, no toppseriespelar i Sandviken) har vanskar med å fullføre fotballkampar. Ei beinhinnebetenning har hemma henne sidan tidleg i vinter. Ho fryktar at ho må ta ein lengre pause frå fotballen, fortel ho til Bergens Tidende (04.06.2007). Sandviken slit i botnen av tabellen og trenar Arne Møller var lite glad for skadene til kapteinen: -Torill er bindeleddet i laget. Når ho går ut misser vi noko av limet som held laget saman. I tillegg tilfører ho laget tryggleik. Utan henne misser vi ein dimensjon, seier Møller.
Sidan viste det seg at skadeproblema var knytt til blodsirkulasjon. Berre 26 år gamal bestemte Torill seg for å sette vidare fotballspel på vent, og grunngav det slik i dette intervjuet med Bergens Tidende.
Torill seier på sitt karakteristiske vis at ho ikkje er veldig begeistra for fokus på sånn skadegreier. Det var berre eit par år at skader var problematisk for henne. -Tvert om har eg gjennom heile fotballkarrieren drege fordelen av å ha ein svært velfungerande kropp. Det trur eg har samanhang med allsidig idrettsbakgrunn heilt opp til vidaregåande (handball, friidrett, ski). Eg er også veldig takksam for åra i STIL, der vi lærte at fotball er eit lagspel og vi fekk med oss dei rette verdiane ut i verda. Eg trur ikkje det er tilfeldig at vi som har «reist ut» (Rune Bolseth, Sigrid Heien Hansen) fekk roller i kapteinsteam. Vi hadde med oss mykje godt i bagasjen frå STIL, seier Torill.
Lojalitet
Ho legg også til lojalitet. -Når Rune Bolseth har få klubbar på CV-en sin er det ikkje fordi det har mangla tilbod frå andre klubbar, seier Torill, som sjølv også opplevde dette. -Det har sjølvsagt med mange ting å gjere, men det er også noko vi har med oss heimanfrå. Lojalitet i medgang, og ikkje minst i motgang!