Sandane - Bremanger 6-1
Forfatter: Gro Pleym Iversen
14. oktober 2023
Sandane feira 100-årsjubileumet med kaker og mange mål!
-Ei fantastisk kjensle! STIL-trenar Simon Gimmestad strålte etter at Sandane slo Bremanger 6-1 i årets siste heimekamp. Dermed er plassen i Kretsligaen sikra også i 2024! -Periodevis var vi veldig gode, seier Gimmestad, som hadde bestilt ein ting spesielt av laget sitt: ingen førstemål i mot - og langskot. Det fekk han servert før tre minutt var spela - av Halvard Bjotveit, som hadde ein god dag i Idrettparken. Det hadde for øvrig heile Sandanelaget i dag. -Periodevis var vi svært gode. Vi møtte Bremanger med eit press som gjorde vegen til mål kortare for oss, seier Simon Gimmestad.
Sandane har ikkje slått Bremanger på heimebane i 4.divisjon (siden 2001). Største tap i 4. divisjon (siden 2001) var i 2016 (0 - 3).
Bremanger sin lagkaptein, August Ommedal, hadde følgande kommentar etter 1-6. -Det vart ein tøff kamp mot eit godt Sandanelag. Vi manglar sentrale spelarar pga karantene og skader. No håpar vi at vi skal få kvalifiseringsspel om plass i Kretsligaen.
Sandane - Bremanger 6-1 (2-0)
Dommar: Ammar Mahamad, Urædd
Sandane Idrettspark.
Mål: Halvard Bjotveit (3), Sander Skogli (2), Ludvig Gimmestad
Dagens STIL-spelar: Robert Vik
Kampreferat finn de her: Livesenter Firda
Takk for kampen til dagens dommartrio:
Dommer: Ammar Mohamad (Urædd Fotballklubb)
Ass.dommer 1: Muhamet Barlla (Eid IL)
Ass.dommer 2: Viktor John Bibby (Måløy Fotballklubb)