J19 tok tredjeplassen i KM futsal
Forfatter: Svein Kristiansen
06. mars 2022
Det kunne fort blitt finalespel, men Sandane sine jenter (J19) havna i bronsefinalen, der dei slo Jølster 4-1. 16- og 14-årslaga våre har også gjort sine saker bra i KM.
Ei erfaring frå futsal er at det er tale om hårfine marginar. For J19 vart det stang ut i seminfinalen mot heimelaget Stryn, som vann 1-0. Trenar Jan Asle Rustøen rosar laget sitt: Vi held eit svært godt nivå, og var fullt på høgde både mot Stryn og Førde (som vann finalen). I dag var det berre små marginar imot som hindra oss frå finalespel, seier Rustøen.
J16 var også i aksjon i Stryn, der dei opna godt med 4-0 over Eid. Sidan vart det tap mot Syril og Askvoll Holmedal, og det heldt ikkje til sluttspel denne gongen.
På Sandane var J14 gode i gruppespelet og gjekk vidare til cupspelet som beste lag i si gruppe. I kvartfinalen vart det imidlertid stopp, etter 1-2 for Måløy. Vinnaren av J14 vart Førde 1.
Sandane hadde to lag med i G14, og Lars Endre Gimmestad og Egil Brekke leia sine mannskap godt. Sandane 2 spela uavgjort mot Vik og Sogndal 2 i gruppespelet. Sandane 1 gjekk på eit knipe tap mot Stryn, slo Førde 3 heile 5-0, medan det vart uavgjort 2-2 mot Gaular og finalist Sogndal 1. Vinnar i G14 vart Måløy.
STIL G16 kom seg ikkje til sluttspelet, men uavgjortresultatet mot Førde 1 (2-2) seier litt om kva som bur i laget. Førde 1 tok til slutt kretsmeistertittelen.
Vi gratulerer våre lag med god innsats!