[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Ikkje i tvil: -Eg hadde gjort det om att!

Forfatter: Svein Kristiansen

09. desember 2021

Fotball
News article image

Kretsens Blå diplom: Odd Bjarne Tveit

Odd Bjarne Tveit har hatt trenarverv i STIL sidan 2008, då han begynte som trenar for sonen Tore sitt lag. Han hadde først trenarverv i knøttefotballen og sidan for gutelag i aldersbestemte klassar. Etter kvar gjekk han over til å trene dattera Cecilie sitt lag, J12, og følgde dette laget vidare i åra som følgde.

-Eg har fått følge med barna mine i fotballen, og trenargjerninga har vore ein flott måte å ha eit engasjement rundt dei, seier Odd Bjarne. Han nevner gode trenarkollegaer i Trude Eimhjellen og Margot Nesgård. – Og så hadde vi oppmenn med god orden rundt laga i Harald Hauge og Gro Pleym Iversen. Det har mykje å seie og lettar arbeidet.

Det har blitt nokre timar på treningsfelt og kamparenaer?

-Det var nokre år der som var bra hektiske, men det var fint likevel. Eg har tenkt på det: Det har vore verdt det. Eg hadde gjort det opp att. Utan tvil!

Og heilt slutt er det ikkje. I 2021 har Odd Bjarne hatt ansvar som lagleiar for herrelaget.

Kjenneteiknet ved Odd Bjarne har vore at han alltid har vore godt forberedt til treningane. Han har alltid ein plan, er presis og til å stole på. Odd Bjarne er smilande, mild og omgjengelig, men gjev tydelege beskjedar når det er på sin plass.

Takk for innsatsen, Odd Bjarne! Vel fortent heider!