[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

På jakt etter sommarjobb?

Forfatter: Gro Pleym Iversen

26. mai 2022

Fotball
Barneidrett
Friidrett
Svømming
Trimgruppe
Håndball
Gymnastikk og breddeaktivitet
News article image

Ledig sommarjobb for deg mellom 17 og 22 år

Vi søker engasjerte servicemedarbeidarar (2-4 stykk) som ønsker å jobbe ved vår bubilparkering i Sandane Idrettspark i perioden 25. juni - 7. august. Det er opent for alle å søke, men medlemmar i STIL i alderen 17-22 år vil bli prioritert framfor søkarar utan noverande eller tidlegare tilknyting til klubben. I søknaden skriv du litt om deg sjølv, kvifor du ønsker denne sommarjobben, om du har erfaring frå andre jobbar og kva dagar (veker)/tidspunkt du kan ev. ikkje kan jobbe. Vi oppfordra både jenter og guter til å søke.

Det skal leggast nytt kunstgrasdekke 14 dagar i løpet av sommaren. I denne perioden (som vi dessverre ikkje har fått dato for ennå), så reknar vi med at bubilcampen må vere stengt.

Vi set opp arbeidsliste, men her er det moglegheit å bytte tidspunkt sommarvikarane seg imellom for størst mogleg fleksibilitet.

Arbeidstid:

Utg. pkt. to timar kvar dag; mellom kl. 10-12 og mellom kl. 19-21. Dersom det kjem mange besøkande, kan arbeidstida bli utvida til tre til fire timar per dag.

Kvalifikasjonar:

Du er serviceinnstilt, positiv, fleksibel, kan arbeide sjølvstendig og er god i norsk og engelsk.

Arbeidsoppgåver:

Kontroll med at bubilar er registrert/at det blir betalt

Informere om tilbod for turistar i Gloppen

Reinhald av sanitæranlegg

Løn:

150 kr per time uavhengig av dag/tid/helg

Oppstart laurdag 25. juni og siste dag er i utg. pkt. søndag 7. august (kan bli forlenga til 14. august viss behov og det passar for sommarvikarane)

Søknadsfrist: Fredag 3. juni 2022.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til ei kort samtale måndag 6. juni.

Send søknad til leiar Gro Pleym Iversen på e-post; [email protected]

For ev. spørsmål om stillingane, kontakt Gro på tlf. 99 28 43 48

Meir informasjon om bubilparkeringa vår i 2021 finn du på nettsida vår. Nettsida vil bli oppdatert etter bubilparkeringa i samband med Glopperock 10.-12. juni 2022.