[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sterk seier på bortebane!

Forfatter: Svein Kristiansen

05. juni 2022

Fotball
News article image

Sandane sitt herrelag med storseier i Kaupanger.

Kaupanger - Sandane 0-5 (0-2)

5. divisjon herrar

0-1 Robert Vik

0-2 Halvard Bjotveit

0-3 Tore Tveit

0-4 Petja Cink

0-5 Sjølvmål (assist Martin Hukset)

Sandane tok ein uhyre sterk borteseier då dei gjesta Kaupanger 1. pinsedag (..). Etter 2-0 ved pause gav sandensarane seg ikkje før dei hadde 5-0 med seg heim. Som resultatet tilseier var STIL det beste laget gjennom heile kampen.

-I dag var alle påskrudd frå start, og tapet i Dale var raskt historie. Heile 16 mann fekk speletid i dagens kamp, som var prega av 100 prosent innsats og mykje god fotball frå dei i blått, fortel Sandanetrenarane Simon Gimmestad og Bjarte Skaaden. Dei gir ekstra skryt til 17 år gamle Sindre Fjellestad, som var bunnsolid på høgre backplass. -Ingen frå Kaupanger slapp til i dag, vert det meldt frå Sogn.

Sandane har tradisjonelt hatt store utfordringar med å hente poeng når dei gjester Kaupanger, men Sindre Rørvik og co måtte denne gangen bite i kunstgraset.

Sandane: Sebastian Dainius Uribe, Tore Tveit, Magnar Slagstad, Sivert Fure Skinlo, Sindre Fjellestad, Robert Auflem Vik, Vegard Søren Holen Eimhjellen, Jonas Løvland, Hallvard Bjotveit, Petja Cink, Andreas Bjørhovde Heggedal

Innbyttarar: John Henning Gotteberg, Magnus Nikolai Bolseth, Nimrod Isaac-Habtemariam, Sander Natanael Rauset Skogli, Martin Hukset.

Kaupanger: Iver Sætre Systad, Eirik Hellebust Menes, Ola Jang Schøyen, Odin Moen Rebni,Sindre Åmot Alme, Elias Bruland Selseng, Erlend Loftesnes, Magnus Langen Dale, Karsten Ellema Bjelde, Jo Nikolai Haukås, Sindre Rørvik

Innbyttarar: Tor Kristian Dulsvik, Mathias Vik Vatlestad, Martin Settevik Midtgård, Henrik Johannessen Selvåg, Ali Hussein Selman, Kriss Havila Bonabandi.