Jonas møter gamle lagkameratar
Forfatter: Svein Kristiansen
26. september 2015
Jonas Denk er spiss for Sogndals tredjelag i møte med Sandane søndag kl 1400.
Sandane ligg på sjetteplass i 4. divisjon med Sogndal 3 tre poeng framfor seg på tabellen. Etter tapet av playmaker Jonas Denk har laget veksla veldig i prestasjonar. Det har sjølvsagt også mykje med kva type mannskap ein har tilgjengeleg frå kamp til kamp, noko som har variert mykje denne hausten. Til søndagens kamp har Sandane ei forsvarsutfordring, med Håkon Schjølberg, Martin Sivertsen, Vegard Krøvel Flatjord og Andreas Bjørkum Vereide utilgjengelege.
Det bir spennande å sjå kva Jonas kan få til mot gamle lagkameratar, og likeeins kva STIL kan by på i kamp mot laget dei tapte 3-2 for i vårsesongen. Det som uansett er sikkert: det blir kjempestemning: Jonas Løvlands fanclub har varsla sitt hjartelege nærver søndag kl 1400.