Fartsfylt internoppgjer
Forfatter: Svein Kristiansen
22. juli 2015
STILs gutelag viste ingen respekt i Idrettsparken.
Sandane 2 og Sandane G15-16 spelte onsdag kveld treningskamp i Sandane Idrettspark. Ungfolane på G15-16-laget gjekk respektlaust til verks, og gav Sandane 2 ein real kamp. Gutelaget var periodevis betre og meir samspelte enn sine motstandarar, noko som lovar godt for den foreståande Norway Cup-turneringa.
Sverre Jarleson Løken vart kampen store profil med 4 mål for Sandane 2.
Etter at det sto 2-2 til pause, opna Sandane 2 med større sting frå start i andre omgang. Dei fekk eit mål annulert i første angrep. Men det var Gutelaget som skulle gå i leiing, då Tarjei Bjørkum Vereide utnytta ein gratismoglegheit. Etter dette vart det noko tyngre for G15-16 då Jonas Denk kom innpå ti minutt ut i andre omgang. Sandane 2 fekk brått meir sving på sakene og vann til slutt 7-3. Slik kom måla:
1-0 (12. min) Sverre Jarleson Løken. Gjennomspel frå Jon V. Byrkjedal.
1-1 (16. min) Magnus Ødven. Nydeleg langskot frå 20 meter.
1-2 (29. min) Erik Koopmans. Fantastisk angrep, med klikk-klakk gjennom STIL2s forsvar, der ballen blir sleppt vidare til Erik K i det rette sekund. Han avslutta med eit skot i hjørnet.
2-2 (36. min) Sverre Jarleson Løken. Mottok ballen på høgre kant og sette fart retning mål. Avslutta presist og godt.
2-3 (50. min) Tarjei Bjørkum Vereide. Fangar opp eit upresist tilbakespel, og viste kvalitetane sine med fart og ei fin avslutning.
3-3 (64. min) Sverre Jarleson Løken. Dagens tredje for Sverre, som var eit aktivum på topp.
4-3 (69. min) Sverre Jarleson Løken. Dagens fjerde(!) for Sverre. Plasserte eit skot frå distanse lekkert i mål.
5-3 (75. min) Sebastian Haugen (straffe). Sverre Jarleson Løken felt etter gjennomspel frå midten. Sebastian sikker som banken (Sparebanken Sogn og Fjordane*)
6-3 (78. min) Jonas Denk. Sandane 2 med tempo i ballen, flott angrep der Jonas Denk avslutta etter pasning frå Sebastian Haugen.
7-3 (81. min) Matias Myklebust. Så fekk Matias målet sitt. (Han var også involvert då Sandane 2 fekk eit annulert mål i andre omgangs første speleminutt.) Var på plass etter at Sebastian Haugen hadde lagt eit frispark fint inn mot bakre stolpe.
I tillegg til måla hadde begge lag stolpeskot i kampen.
Sandane 2 vann, som seg hør og bør, og kan glede seg over betre uttelling og ein betre gjennomført andre omgang.
Sandane G15-16 mangla to av sine sentrale spelarar i Gudmund Bjotveit og Kristian Møll, men spelte likevel jamt og tidvis betre enn Sandane 2. Sjølv om Sandane 2 kanskje hadde dei fleste og største sjansane utanom måla, var gutelaget i lange periodar betre enn STIL 2 når det gjeld duellar, og laget viste også mykje speleglede.
Gutelaget framstår som velspelande og har spelarar med svært mykje fotballkompetanse og - forståing. Dei er dertil mange, noko som lovar svært godt for Sandanefotballen.
Vi ønskjer gutelaget lukke til i Norway Cup!
Takk til kampens dommar, Kjell Alme. Myndig og god.
* Sparebanken Sogn og Fjordane er STIL Fotballs viktige støttespelar: hovudsponsor