Andreas Bjørhovde Heggedal har signert for Sandane
Forfatter: Svein Kristiansen
17. februar 2022
STILs midtbane får tilført verdifull erfaring.
Tekst: Ingmar Sægrov. Foto: Simon A. Gimmestad.
Det er svært gledeleg å informere at Andreas Bjørhovde Heggedal er klar for spel i blått.
Andreas er 29 år og kjem frå Eid, han er eit kjend fotballnamn i fylket med mange seniorkampar for både Eid og Dale i Kretsligaen. Heggedal er busett på Sandane med sambuar og det er veldig kjekt for klubben at tilflyttarar ønskjer å spele for Sandane.
Andreas er ein seriøs kar som i desember var tydeleg på at han ønskte å komme tilbake i form ,før han tok noko val om ta på seg fotballskoa igjen. Andreas trente litt med Sandane i desember før pandemien igjen stengte ned den organiserte idretten. Sidan herrelaget starta opp med treningar i januar har han deltatt og vist seg fram som eit friskt pust på trening.
Andreas er ein klok fotballspelar som kan spele i ulike posisjonar på midtbana, han er pasningssikker og i følgje trenarapparatet har han vist gode takter på trening tidleg i oppkjøringa.
Dette er ein spelar som vi gledar oss til å betre kjent med framover.
Velkommen Andreas!