[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Underhaldande i Idrettsparken

Forfatter: Svein Kristiansen

17. september 2016

Fotball
News article image

Sandane og Fjøra 2/SIL3 gav publikum ei sjåverdig forestilling fredag kveld.

Kampfakta:

Sandane – Fjøra 2/Sogndal 3 1-2 (0-1)

4. divisjon

0-1 (37. min) Markus Thorberg

1-1( 56. min) Eirik Rauset

1-2 (71. min) Bjørn Kristian Vines

Dommar: Erlend Nondal Lereim, Kaupanger

Sandane: Simon Gimmestad (Arne Nybø Gangeskar), William Landøy, Martin Svarstad, Magnus N. Bolseth (Espen Reed Lothe), Petja Cink, Jonas Denk, Ingebjørn Mundal (Gudmund Bjotveit) Eirik Rauset, Jon Vegard Byrkjedal, Arne Morten Vilnes Øen, Anders Frøyen.

 

Publikum vart vitne til ein kamp med høgt tempo. STILs spelarar hadde stor fart i spelet sitt, pressa høg og skapte også sjansar. Hadde laget makta å få uttelling på desse, ville dei fleste kunne vere samde om konklusjonen: Dette var verkeleg ein god kamp av mannskapet vårt.

Men laget slit med å få ballen i mål. Statistikken seier det meste:

Sandane har scora 14 mål så langt i år. 7 i vårsesongen, og 7 i haustsesongen. Det er svært mykje mindre enn alle andre lag i divisjonen.

Gjestene var, om ikkje like unge som Sandane sine spelarar, også eit ungt lag, og skapte også sine sjansar. Dei var likevel heldige som fekk med seg alle poenga frå Idrettsparken.

-Vi hadde taket på kampen gjennom førsteomgangen, og i andre omgang produserte vi også endå fleire sjansar. Det er ei fantastisk jobbing i laget, med høg moral og god innsats over heile lina, seier Sandanetrenar Øyvind Hervik. Han er sjølvsagt skuffa over nye tapte poeng, men har ikkje vanskar med å sjå at STIL har ei rekke unge spelarar som er i god utvikling.

Sandane sitt mål kom på eit fint angrep der Petja Cink la inn frå venstre kant. På bakerste stolpe kom Eirik Rauset på løp og klinka ballen i mål på heil volley.