[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Ekstra treningstilbod 12-14 år

Forfatter: Administrasjonen

18. september 2025

Fotball
News article image

Ekstra treningstilbod 12-14 år

STIL Fotball startar opp eit nytt ekstratilbod for spelarar i alderen 12–14 år. Dette er ei unik moglegheit for ivrige spelarar som ønskjer å utvikle seg vidare og få ekstra trening utover dei vanlege lagsøktene.

Custom image

Foto: Rune Sjøberg

Tid:

1 økt per veke (90 min) frå 21. september – 2. november (søndagar)

Kl: 18:00 – 19:30 på kunsten.

 

Trenarar:

Filip Mardal

Håvard Hetle

 

Pris:

500 kr per deltakar (gjeld for heile perioden)

 

Om tilbodet:

Øktene vil ha fokus på individuell utvikling. Vi skal jobbe med teknikk, ferdigheiter og meistring for å gjere kvar spelar betre.

 

Kven passar dette for?

Tilbodet er ope for alle som ønskjer å vere med, men vi understrekar at det er særleg retta mot spelarar som er:

·         Ivrige og motiverte for å lære

·         Konsentrerte og læringsvillige på trening

·         Har lyst til å utvikle eigne ferdigheiter

 

Påmelding (16 plassar) førstemann til mølla!

https://club.spond.com/landing/courses/sandanetil/5B8105BA988643229A0B9B78EEF1B02F

Vi har sett av to inkluderingsplassar for deltakarar som treng økonomisk støtte. Du kan søke om å få deltakaravgifta dekka ved å sende ein e-post til [email protected].