[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Peter Holvik Lothe er gått bort

Forfatter: Svein Kristiansen

23. april 2018

Forside
News article image

Nyleg kom den sørgelege bodskapen om at Peter Holvik Lothe er avliden, nær 56 år gamal. Med Peter har STIL misst eitt av klubbens varmaste hjarte.

Peter har gjennom mange år vore ein sentral mann i lag og organisasjonar på Sandane. Sandane Turn og Idrettslag sto hans hjarte nær, og han har hatt fleire tillitsverv. Han har dei seinare åra - fram til i dag -  hatt vervet som leiar for husestyret for STIL-stova. Han har også tidlegare hatt leiande verv i laget. I 1998-99 var han nestleiar i Arbeidsutvalet, dvs klubbens hovudstyre.  I perioden 2006-10 hadde underteikna gleda av å samarbeide med Peter i det same Arbeidsutvalet. Han var då ein pliktoppfyllande sekretær, og dei som les styrereferata han førte i pennen, vil kjenne igjen hans lune, særeigne tone og presise penn.

Peter var som ungdom sjølv aktiv i friidretten, der hans allsidige talent gjorde at han hevda seg heilt i toppen i sitt aldersklasse i trekamp. Han vann KM-tittelen tre gonger, første gong som 14-åring, i 1976, og sidan også i 1979 og 1980. Han var også fylkesmeister i lengde og tresteg.

Custom image

På veggane i STIL-stova finn vi mange historiske bilder som Peter sjølv fann fram og har fått hengt opp. Han overvaka arkivet i STIL-stova med falkeblikk og slo straks alarm då han oppdaga at nokre årsmeldingar mangla. Peter sette i gang ei privat etterforsking i bygda og klarte å spore opp dei sakna årsmeldingane. STILs samla lagshistorie var viktig, og Peter sytte føre at dei verdifulle dokumenta vart samla i eit eige skap i STIL-stova. Nøkkelen vart vel vakta! (Bilete: Frå STILs årsfest i 2009).

Peter var i ei årrekke også med i nemnda som vurderte og tilrådde tildelingar av æresmedlemskap i klubben.

Med Peter Holvik Lothe har STIL misst ein lojal støttespelar. Han var ein mann som ugjerne stakk seg fram, men som gjorde sitt verdifulle arbeid for laget og samarbeidspartar utan dei store fakter. Vi er mange som sørger over tapet av Peter Holvik Lothe.

Våre tankar går i desse dagar særskilt til Peters familie. 

Fred over Peter Holvik Lothe sitt minne.