[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane-dommarar fekk inspirasjon

Forfatter: Svein Kristiansen

28. mars 2022

Fotball
News article image

Rekordstor deltaking då dommarane finpussa formen før seriestart.

Sist helg deltok fire av Sandane sine klubbdommarar på kretsen si dommarsamling på Skei. Om lag 60 dommarar var til stades, og det er rekorddeltaking.

Andreas Skeistrand Bakkelid og Petja Cink hadde følge med veteranane Kjell Alme og Steinar Holvik til samlinga. - Det vart ei god og kjekk samling, med eit innhaldsrikt program og mange, gode faglege diskusjonar, fortel Steinar Holvik. Nye reglar og retningsliner vart gjennomgått og dommarane måtte sjølvsagt også gjennom den obligatoriske fysiske testen.

Under samlinga var Petja Cink assistentdommar i NM-kvalifiseringskampen mellom Førde-Sogndal (1-5) i G16, ein kamp som etterpå vart behørig analysert i plenum.

Forelesar for dommarane var Petter Toppe, veileder i Eliteserien. Han viste blant anna videoklipp frå toppfotballen i 2021, og tok også for seg retningsliner i forhold til frispark, kortbruk mv.

Utan dommarar vert det ingen fotballkampar! I STIL fotball ønskjer vi å legge forholda best mogeleg til rette for dommarane våre, og har eit stort ønske om at endå fleire skal følgje i Andreas, Petja, Steinar og Kjell sine fotspor.