[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

STIL spelar på lag med miljøet

Forfatter: Adminstrasjonen

02. september 2026

Fotball
News article image

STIL Fotball spelar på lag med miljøet!

I STIL Fotball ønsker vi å ta ansvar for miljøet og gjere det vi kan for å redusere miljøbelastninga frå aktivitetane våre. Derfor ønsker vi at alle arrangement i regi av STIL Fotball skal vere grøne arrangement - som betyr at vi skal ta nokre enkle, bevisste val, og jobbe med dei litt etter litt. For vi trur at små val kan gjere ein stor forskjell når vi gjer dei saman.

På søndag arrangerte vi Kongleriket miniputt-turnering hos STIL, og årets tema for turneringa er Grønt arrangement. Det gav oss ein flott anledning til å vise kva dette kan bety i praksis.

På turneringsområdet hadde vi mellom anna ha tydelege sorteringsstasjonar for papp, plast, matavfall, restavfall og pant. Vi vil også ha fokus på andre enkle miljøtiltak knytt til mellom anna transport, mat og servering, innkjøp og energibruk.

For når du står med ein tom kopp, ei flaske eller litt matavfall i handa, kan du gjere ein liten forskjell. Derfor har vi laga ein liten kampanje med grøne påminningar som vil møte deg rundt på anlegget: 

Eit lite kast i riktig dunk gjer ein stor forskjell.

Custom image

Heia deg! Du tok akkurat eit lite miljøval!

Custom image

Vi spelar på lag med miljøet. Vi kan ikkje vinne kvar kamp. Men vi kan gjere kvar kamp litt grønare.

Custom image

Dette er lagarbeid. Takk for at du sorterer!

Custom image

Plakatane er ein del av arbeidet vårt med å gjere gode miljøval synlege og enkle – og vi håpar dei kan inspirere både små og store.

Grønt arrangement er eit initiativ frå Norges Fotballforbund som skal gjere det enklare for fotballklubbar å ta gode miljøval. Arbeidet omfattar mellom anna innkjøp, mat og servering, avfall, transport og energi.

Vi ønskjer at Grønt arrangement skal bli ein naturleg del av alle arrangementa våre. Vi kan ikkje vinne kvar kamp. men vi kan gjere kvar kamp litt grønare