[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Kvalitetsklubben STIL: Det kom ikkje heilt av seg sjølv

Forfatter: Svein Kristiansen

22. desember 2023

Fotball
News article image

2010-23: Og det handla ikkje berre om anleggsutbygging. Tid for å sende ein venleg tanke til dei mange som gjer ein enorm dugnadsinnsats i STIL!

Bildet: Arild Bruland har ordet på kretstinget, der STIL vart utnemnt til fylkets første kvalitetsklubb. Tv Rune Sunde og Sjur Gimmestad. Foto: Svein Kristiansen.

Frå 2010 skjedde ei stor utvikling i breiddefotballklubben STIL, og i løpet av få år var talet på lag og deltakarar fleirdobla. Ei viktig årsak var kunstgrasbana og anleggsutbygginga i Sandane Idrettspark som gjorde treningsarbeidet lettare.

Utviklinga gjorde det nødvendig å styrke organisasjonen og lage betre rammer rundt den sportslege aktiviteten. I STIL fotball vart det i åra som følgde arbeidd på brei front for å få dette til.

Kvalitetsklubbprosjektet passa STIL-fotballen som hand i hanske, men kravde også at klubben meistra å ha mange samtidige ballar i lufta.

Trenarutdanning

Utdanning av trenarar vart ein viktig del av arbeidet med å gjere STIL til kvalitetsklubb. I løpet av få år var 40 STIL-trenarar på kurs i regi av klubb/krets.

Custom image

Bildet: Denne gjengen fullførte trenarutdanninga som grasrottrenar i 2017, her med Ingmar Sægrov som kurshaldar. Framme f..v. Bård Larsen Devig, Lars Endre Gimmestad og Ole Martin Egge. Bak f.v. Ingmar Sægrov, Vidar Bjotveit, Thomas Fjeldtvedt, Kåre Hetle, Lene Seime og Kjetil Midtgård. Foto: Svein Kristiansen.

På nyåret i 2018 kunne ein slå fast at STIL hadde fått 17 ferdig utdanna grasrottrenarar og fleire var på gang. I tillegg hadde klubben 3 UEFA B-trenarar: Jan Ove Ødven, Ingmar Sægrov og Torbjørn Gran (2016). Seinare har Margot Nesgård og Bjarte Skaaden også blitt UEFA B-trenarar.

Om ein ser på tidsbruken åleine: det er på sin plass å sende ein venleg tanke til våre mange frivillige trenarar og dei gode hjelparane rundt desse. Dei gjer ein fantastisk dugnadsinnsats for klubben og våre mange håpefulle!

I løpet av desse åra vart Torbjørn Gran engasjert som klubbens første trenarkoordinator/-veiledar.

Custom image

Foto: Svein Kristiansen

Parallelt med trenarutdanning vart styremedlemmene også sendt på fotballforbundets leiarutdanningsprogram, og leiarar i klubben deltok fast på fotballkretsen sine toppleiarsamlingar.

Arild Bruland som leiar

Det var i 2013 at STIL vart ein av ti klubbar som vart invitert med i kvalitetsklubbprosjektet, eit prosjekt fotballpresident Yngve Hallen omtala som tidenes løft i norsk breiddefotball. Norge hadde sett til England, som var eit føregangsland i dette arbeidet.

Til STIL si heimeside uttalte leiar i fotballkretsen, Svein Olav Myklebust, at STIL fotball hadde tatt store utviklingssteg innan anleggsutvikling og barne- og ungdomsfotballen, og meinte klubben var klar for eit nytt kvalitetsløft. -Det er eit krevjande løft, men målet er å flytte organisasjonen til eit høgare nivå, til glede for neste generasjon med trenarar, leiarar og spelarar, sa Myklebust.

Arild Bruland fekk ansvaret for arbeidet med kvalitetsklubbprosjektet i STIL. Saman med Svein Kristiansen deltok han på fotballkretsens samling i Liverpool same haust, og dermed var arbeidet i gang.

Året etter vart Sandane utnemnt som den første kvalitetsklubben i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Custom image

Foto: Svein Kristiansen