Enivest IFO
Sandanedommarar dømmer 3. divisjon
Forfatter: Svein Kristiansen
27. april 2017
Fotball
Usikker, men det må vere år og dag sidan, om det i det heile har skjedd før: Ein dommartrio frå Sandane i aksjon i fylkesdivisjonen for damer.
Kampleiar Einar Eimhjellen hadde med seg to av våre unge lovande dommarar som assistentar, Erik Koopmans og Magnus Ødven Grytting, i 3. divisjonskampen mellom Stryn og Studentspretten.
Svært oppmuntrande at vi har nye dommarkrefter på veg! Viktig for klubben og for sporten.
Stryn, som sesongdebuterte mot Sandane (2-2), vann for øvrig kampen mot studentane frå Sogndal med 5-0.