[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Sandane - Skavøypoll 0-1

Forfatter: Svein Kristiansen

03. juni 2016

Fotball
News article image

Sandane skapte nok sjansar til å avgjere kampen, men i staden vart eit omdiskutert frispark 3 minutt på overtid i kampen Sandane si bane. Ballen havna hos ein Skavøypollspelar som redda dagen for serieleiaren med eit godt skot i hjørnet.

Sandane hadde store sjansar til å sikre seg poenga i kampen, men det vil seg ikkje. Spelemessig var det heilt uråd å skjøne at det eine laget ligg på tabelltopp, medan det andre er i botnen av tabellen. Heimelaget fullt på høgde med Skavøypoll, men det aller viktigaste i fotballspelet manglar: måla. Heile Sandanelaget kan vere bekjent av kampen. Simon Gimmestad varta opp med solide redningar når Erik Sandal sende av garde sine svært gode langskot. Framfor han spela forsvaret ein solid kamp med midtstopparparet som fjellstøe vaktarar framfor Gimmestad. Også mykje fint framover på bana, med ei midtbane som matcha Skavøypoll og hindra serieleiaren i å få til sitt spel. 

Sandane - Skavøypoll 0-1 (0-0)

4. divisjon

Idrettsplassen

90. min + 3: 0-1 

Dommar: Magn Helge Brattelid, Dale IL

Sandane: Simon Gimmestad, William Landøy, Håkon Schjølberg, Martin Svarstad, Torbjørn Gran, Petja Cink, Arne Morten Vilnes Øen, Anders Frøyen, Gudmund Bjotveit, Thomas Dyrrdal, Magnus N. Bolseth.  Reservar: Arne Nybø Gangeskar, Kristian Møll, Espen Reed Lote, Ruben Elvebakk Nesdal, Abraham Johnny.

Skavøypoll: Yngve Furnes, Lars Nygård, Eirik Kvalheim, Eivind Rune Flataker, Erik Sandal, Jon Haukur Haraldsson, Anders Ramsevik Kvalheim, Rune Solvang, Espen Sandal Tor-Erik Tvendeseter Kupen, Steven Silden. Reservar: Børge Bø Yndestad, Torjus Ødegård, Anders-Martin Hagen Kvalvåg, Sujeevan Mohanarajah, Vebjørn Osmundsvåg Furnes.

1 min Skavøypoll tar tak i det heile frå start. STIL med upresise ballar framover.

2 min Corner Skavøypoll. Tvendeseter Kupen siktar mot første stolpe, men ballen går bak mål. 

5 min Corner Sandane. Arne Morten Vilnes Øen vinn ballen, set fart mot lina og skaffar Sandane ein corner. Den blir slått høgt inn, og det er den same Arne Morten Vilnes Øen som får avslutte mot mål. Går utanfor. 

10 min: Thomas Dyrrdal kjem fri litt skrått, skyt på direkten: får ikkje treff. 

11 min: Dyrrdal orienterer seg fint og finn Bolseth i feltet. Han vinn første duellen, men uheldig touch og Skavøypoll får kontroll. 

13 min Corner Sandane. Fint slått av Petja Cink. Skavøypoll overtar. 

15 min: Sandane med eit lite overtak spelemessig det første kvarteret, men utan å sple seg til dei heilt store sjansane. 

17. min: Tvendeseter Kupen i god posisjon og får til ei god avslutning, Nikkar over mål. 

19 min: Tendensar av Sandane. Bolseth finn Cink som passerer ein mann og fyrer laus. SILs forsvar klarerer til corner. Cink slår igjen høgt inn. Øen når ikkje heilt opp på den. 

22. min: Dagens beste pasning frå Torbjørn Gran. Bolseth er der og tvingar fram eit innkast for STIL.

25 min: Solvang får fri bane mot mål, men Håkon Schjølberg set inn ei takling og ballen havnar hos Gimmestad.

26. min: Drikkepause.

29. min: Sandane i angrep. Cink har fleire valg, Bjotveit på fint løp sentralt, men ballen til Dyrrdal på kant som legg inn i feltet. Furnes klarerer, men ingen i blått er i returrommet. 

32. min; Så er det Frøyen! Flott ball i bakrom, Frøyen driblar seg inn i feltet, fleire i blått ventar, men det vert utspel frå mål. 

33. min: Så er det Bolseth som får sjansen, kjem seg skrått mot mål. Corner som det ikkje blir noko av.

34. min: Stor sjanse for Skavøypoll. Flott innlegg frå kant. Silden avsluttar frå kort hald, set ballen til sides for mål.

GULT KORT STIL: Torbjørn Gran

37 min: Corner Skavøypoll. Erik Sandal tar ein kort variant til Solvang. Blir ikkje noko av den.

38. min: Skavøypoll arbeider seg framover med fleire mann, bra forsøk, men endar opp hos Gimmestad. Skavøypo

42. min: Corner Skavøypoll. 

43. min: Skavøypoll med frispark nokre meter frå cornerflagget. Sandane klarerer og set fart framover. Der stokkar det seg for karane i blått. 

45. min: Sandane skaper lite no og det er Sandal og Skavøypoll som har regien. 

45. min: Dyrrdal opp langs venstre kant, inn til Cink som forsøker ein stikkar, men Skavøypolls forsvarar er med. 

47. min: STiL opnar best i andre omgang. To cornerar på rad, Cink med gode innlegg framfor mål, men marginane er ikkje heilt på dei blå si side. 

50. min: Bolseth får eit fint framspel, Furnes ute på 25 meter, vinn duellen, men ballen havnar hos Dyrrdal. Han forsøker å plassere ballen på mål, men lukkast dessverre ikkje. 

55. min: Stillingskrig nett no. Bjotveit med fin ball til Cink som forsøker å finne Frøyen, men lukkast ikkje. 

57. min: Dobbeltbytte Skavøypoll: Tvendeseter Kupen UT, Ødegård INN. Ramsevik Kvalheim UT, Vebjørn Furnes INN

59. min: Frøyen fram på høgre kant, Cink er på løp sentralt, Furnes må ut og klarerer via Cink. Utspel fra mål. 

61. min: God Skavøypollsjanse: Høg ball bak i feltet, der Solvang legg fint ut til Sandal. Godt skot som Gimmestad reddar. 

63. min: Så er det STIL! Angrepet endar med ein ball mot bakre stolpe, der Dyrrdal er litt for sein til å få gje ballen ein dytt. 

64. min: Anders Frøyen blir takla i feltet og Sandane ropar på straffe. Blir ikkje høyrt. 

68. min: Sandane småspelar i midtfeltet, mister ballen og Solvang forsøker skot frå distanse. Utanfor. 

71 .min: Anders Frøyen fører opp og Sandane har verkeleg sjansen til å få til noko. Furnes kjem ut og der er plass i lengste hjørne, men det blir ei løysing som det ikkje blir resultat av. 

77 min: Abraham Johnny får sin debut for Sandane: Magnus N. Bolseth forlet bana. 

78. min: Sandane med kampens største sjanse! Thomas Dyrrdal kjem seg fri, men avsluttar utanfor mål. 

81. min: Gode tendensar av Sandane. Landøy forsøker å finne Johnney, men mistyding og det blir stopp i frammarsjen.

83. min: Ødegård og Furnes forlet bana, tilake på bana kjem Anders Kvalheim og Steven Silden.

85. min: Gudmund Bjotveit UT, Kristian Møll INN

88. min: Sandane kontrar med Frøyen, legg ballen i lengderetning til Cink, som vert løpt opp.

89. min: Skavøypoll klarerer langt og ser ut som dei kan vere nøgde med 1 poeng. 

90. min: Skavøypoll kontrar, men Frøyen jobbar godt defensivt. Pådreg seg frispark, til  store protestar. 

93. min: MÅL SKAVØYPOLL (0-1) Frisparket blir slått bak i feltet, der ein Skavøypollspelar får avslutte frå 6-7 meters hald. 

Kampen er slutt.