[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Jonas Denk melder overgang til Sogndal 2

Forfatter: Svein Kristiansen

20. august 2015

Fotball
News article image

Speleklar for Sogndal 2 i tredje divisjon.

Jonas Denk (17) har meldt overgang frå Sandane til Sogndal 2. Jonas har hatt kontakt med Sogndal over lang tid, og ein overgang har vore aktuell lenge. Overgangen no skjedde ganske brått etter at Jonas fekk plass på Sogndal vidaregåande skule like før skulestart. Etter det har ting skjedd raskt, og overgangen var klar onsdag denne veka.

STIL misser med dette eitt av sine store talent.

For ganske nøyaktig 1 år sidan melde Jonas Denk overgang til Eid, og spelte for 3. divisjonsklubben i haustsesongen 2014. Han er såleis godt kjent med nivået i divisjonen. Denne sesongen har han spela for Sandane, og har vore dominerande på STIL si midtbane, slik han har vore i fleire sesongar. Jonas Denk har vore eit stort talent i aldersbestemte klassar og er ein seriøst satsande idrettsmann. Vi ønsker han lukke til med si vidare karriere på fotballbana!