KM Futsal senior damer
Forfatter: Gro Pleym Iversen
08. desember 2024
Ein kjekke dag
Laurdag 7. desember var det KM Futsal senior i Førde. Sandane stilte med dommar, eit damelag og eit herrelag. I dameklassa var det samla 15 lag.
Steinar Holvik fortel at det var god innsats og ikkje minst ein kjekke dag for damelaget.
Han fordel vidare: Alle kampane var jamne, og vårt lag er fullt på høyde med alle. Det blei eit knipe tap mot Sogndal i første kamp, 1-0. Så vinn dei fortjent 2-0 mot Askv/Holmedal.
Hyllestad var eit fysisk lag, igjen jamnt og 1-1. Vi måtte vinne siste kamp i innledende mot Førde 3 for å gå vidare. Jentene var klart best i den kampen og komfortabel 3-0 seier.
Kvartfinalen mot Stryn var veldig spennende. Det bølga fram og tilbake, og der det til slutt vart 3-2 tap. Nokre av jentene reiste heim før siste innledende kamp, så i dei 2 siste kampane måtte vi endre litt på spelardisposisjonane. Dette førte til at jentene måtte stå lenger på bana, mindre bytte.
Alle jentene gjorde en fantastisk innsats, keeperne er 09 jenter som absolutt var delaktig i dei fine resultata. Jørn, Renate og eg var med i støtteapparatet. Vi takker jentene for en flott sesong og fin avslutning i går.
Foto: haugenfotball.no