Nyopning av kunstgrasbana
Forfatter: Svein Kristiansen
18. august 2022
Sandane Idrettspark får si offisielle nyopning etter oppgraderinga når Sandane fredag 19/8 kl 17.30 tar imot Sogndal3/Fjøra 2 til kamp i 5. divisjon herrar. Ordførar Leidulf Gloppestad er på plass, og det håpar vi mange andre også vil vere! Det er stor spenning knytt til haustsesongen for STIL-herrane, og det gjeld også for damelaget vårt.
Sandane sitt herrelag starta haustsesongen sist helg med ein svært solid 6-0-siger på bortebane i Hafslo. Spelarar som reiser bort skaper spenning når det gjeld STIL si slagkraft utover hausten, men vi merkar oss med glede at Mads Wie (3 mål mot Hafslo) er tilbake i manesjen. Sandane er på topp i divisjonen pr i dag, og det blir interessant å sjå korleis sesongen utviklar seg for Simon Gimmestad og Bjarte Skaadens talentfulle elevar.
Damelaget startar haustesongen med ny avdeling og dels nye motstandarar. Også damelaget har spelarar i avgang i haust. Dei spelar opningskampen på heimebane mot Førde fredag 26. august.