[email protected]


Logo
Bli medlem
Enivest IFO

Syretest for fotballgruppa

Forfatter: Svein Kristiansen

03. mai 2021

Fotball
News article image

STIL skal resertifiserast som kvalitetsklubb.

Sandane skal i år fornye Kvalitetsklubb-sertifikatet sitt. I kveld skal klubben ha ein gjennomgang av status i klubben saman med representantar frå fotballkretsen.

Kvalitetsklubbarbeidet er STIL Fotballs kanskje viktigaste utviklingsverktøy, og har stor betydning og verdi for arbeidet med å sikre gode tilbod i klubben vår.

Fotballforbundet er i ferd med å gjennomføre ein del endringar når det gjeld krava som vert stilt til ein kvalitetsklubb, noko Sandane er godt i gang med å få på plass.

Sandane var i si tid (2013) den første klubben i Sogn og Fjordane som oppnådde status som Kvalitetsklubb, og vi er sjølvsagt interesserte i å behalde denne statusen. Erfaringa er at det systematiske arbeidet som kvalitetsklubbkonseptet inviterer til passar oss godt. Vi får eit bevisst forhold til å utvikle tydelege verdiar, etablere ryddige strukturar og heve kompetansen i klubben.